På biletet

Framme frå venstre:
Amelie Thorbjørnsen Svendheim, Kjøkken Osterøytunet, Osterøy ungdomsskule
Mariam Myrås, Hauge omsorgsbustad, Danielsen ungdomsskule
Ingeborg Torgersen Hundhammer, Administrasjon, HR, kommunikasjon, Osterøy ungdomsskule
Jonathan Fotland Borge, Hauge barnehage, Osterøy ungdomsskule
Mio Lydian Normann Andersen, Vatn og avlaup, Osterøy ungdomsskule
Bakre rekke frå venstre:
Elin Storsæt, HR og organisasjonsleiar, Osterøy kommune.
Solveig Hojem, Ungdomslos Osterøy NAV
Sølvi Olrich Sørebø, seniorrådgivar KS
Tore Johan Langeland, Avdelingsleiar Osterøy Ungdomsskule
Vivian Kårbø, Nordhordland næringslag, prosjektleiar
(Foto: KS)

Gjennom ei målretta satsing på ungdom får unge både arbeidserfaring, innsikt i kommunale tenester og ein smak på framtidige karrieremoglegheiter.

Viktig å nå ungdom tidleg
Kommunal sektor er Noregs største arbeidsgivar, men konkurransen om arbeidskrafta er aukande. Samstundes opplever mange kommunar utfordringar med rekruttering.

– Skal vi sikre gode velferdstenester i framtida, må vi bli flinkare til å vise ungdom kva moglegheiter som finst i kommunane, seier fleire av aktørane bak satsinga.

For mange ungdommar er kommunen først og fremst forbunde med arbeid i skule, barnehage og sjukeheim. Men breidda er mykje større – her finst behov for alt frå ingeniørar og IT-spesialistar til juristar og kulturarbeidarar med meir.

«Læring i næring» gir ein smakebit
I Nordhordland er satsinga organisert gjennom prosjektet Læring i næring. Dette er eit samarbeid mellom Nordhordland Næringslag og Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid, leia av Vivian Kårbø.

Programmet rettar seg mot elevar på 10. trinn og gir dei direkte erfaring frå arbeidslivet.

  • Pilotert med rundt 100 elevar frå Årås og Radøy
  • Utvida til om lag 250 elevar frå Fensfjorden og Osterøy
  • Tett samarbeid mellom skule, næringsliv og kommunar

Prosjektet har allereie vist seg som ein viktig rekrutteringsarena og byggjer relasjonar mellom ungdom og lokalt arbeidsliv.

Osterøy tok grep – tilsette ungdom i ferien
Hausten 2025 gjekk Osterøy kommune inn i satsinga – og tilsette rundt 25 ungdomar frå 10. trinn.

Dei fekk jobbe i haust- og vinterferien, mellom anna innan:

  • vatn og avløp
  • skule og SFO
  • barnehage
  • helse og omsorg
  • kjøkken på sjukeheim
  • bufellesskap
  • kultur
  • administrasjon
  • reinhald

Ekte møte med arbeidslivet
Ungdommane jobba fulle arbeidsveker, fekk løn og reell arbeidserfaring.

Før dei starta i jobb, måtte ungdommane gjennom heile søknadsprosessen:

  • lese stillingsannonsar
  • skrive CV og søknad
  • delta på intervju
  • signere arbeidskontrakt
  • levere skattekort
  • signere teieplikt saman med føresette

Dette gir viktig kompetanse som dei tek med seg vidare – og gjer dei betre rusta til framtidige jobbsøknader.

Gode erfaringar – og nye moglegheiter
Ungdommane har hatt svært positive erfaringar:
Amelie treivst godt og har allereie fått sommarjobb på kjøkkenet der ho jobba
Ingeborg fekk vere med på alt frå arkivering til kommunikasjonsarbeid og lage innslag til instagram
Jonathan opplevde barnehagearbeid som både kjekt og lærerikt
Mio fekk god innsikt i arbeidet med vatn og avløp
Mariam vart godt motteken og fekk gjere meiningsfullt arbeid i omsorgsbustad
Felles for dei alle er at dei har fått eit nytt syn på kommunen som arbeidsgivar – fleire har fått lyst til å søkje sommarjobb, og ser mogelegheita for ein jobb også etter ferdig utdanning.

Ei satsing for framtida
HR- og organisasjonsleiar i Osterøy, Elin Storsæt, er tydeleg på at dette er ei satsing som skal vidareførast:
– Dette er ei viktig ordning som har kome for å bli. Vi får vist fram det store mangfaldet i kommunen og ser gode moglegheiter for rekruttering – både på kort og lang sikt.

Den tette kontakten mellom skule, kommune og næringsliv blir trekt fram som ein av nøklane til suksess.

Bidreg til både rekruttering og inkludering
Satsinga har fleire gevinstar:

  • Bidreg til betre rekruttering til kommunal sektor
  • Gir ungdom relevant arbeidserfaring
  • Kan påverke utdanningsval og bustadval
  • Motverkar utanforskap blant unge

Osterøy og Nordhordland viser dermed korleis strategisk arbeid med ungdom kan gi gevinstar både for den enkelte og for samfunnet.