Eg ser fram til å bli betre kjend med mine kollegaer og setje meg grundigare inn i dei fagområde som KS jobbar med.

Mathias

Mathias Terøy Finnes er 21 år gamal og kjem i frå Ørsta kommune på Sunnmøre. Han er halvvegs i ein bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Praksisordninga er ein gyllen anledning for studentar til å få eit lite avbrekk frå studiebenken og få prøve seg på korleis det er å jobbe i ein organisasjon.

- For meg er praksisplassen hjå KS ein mogelegheit til å lære om arbeidet organisasjon utfører. Samstundes håpar eg å bidra med det eg sjølv har av erfaringar og kunnskap. Eg har blant anna bak meg ein periode i ungdomsrådet Ørsta kommune.

Praksisstudentar er viktige for KS

På KS kontoret i Bergen har det vore studentar heilt sidan 2009. Dermed er kontoret ein av få samarbeidspartnarar som har vore med frå ordninga blei oppretta ved Universitet i Bergen. Dette semesteret har Region Vest også ein praksisstudent ved regionskontoret i Stavanger. Dette er gjennom eit samarbeid med Universitet i Stavanger. Også andre stader i KS finn ein praksisstudentar.
Studentane kjem med nye perspektiv og synspunkt i diskusjonane på kontoret og er med på aktivitetane i regionen. Praksisopphaldet er ein unik mogelegheit for studentane å kombinere faglege interesser med aktuelle spørsmål KS jobbar med. Dei står fritt til å velje tema for praksisoppgåva som igjen er nyttige innspel til arbeidet ved kontoret.

- Her i Bergen har studentane blitt ein viktig del av arbeidsmiljøet. Det er også veldig kjekt å treffe igjen tidlegare praksisstudentar i ulike samanhengar. Dei seier at opphaldet hjå oss har vore svært nyttig i karrierane deira, seier dagleg leiar Astrid Toft.

Om praksisopphaldet

Sjølv om starten av opphaldet så langt har vore prega av smittevern og heimekontor, så brukar Mathias tida på å bli kjend med kollegaene på kontoret og med KS sine fagområde.
- Eg har så vidt byrja å tenke på tema for prosjektoppgåva eg skal skrive i løpet av opphaldet, seier han.