Publisert: 30.06.2025
Det var KS, Det Europeiske Wergelandsenteret og Utøya som inviterte ungdom og vaksne lokalpolitikarar til demokrativerkstad for å diskutera demokrati og medborgarskap.
I strålande sol og med høg stemning vart dette ei helg med mange inntrykk, nye kjennskaper, gode samtalar og klare tilbakemeldingar frå ungdommen om kva som er viktig for å kjenna seg sett og høyrt.
Bakgrunn
Ungdom er morgendagens leiarar og dei som skal arva samfunnet som dei vaksne skapar i dag, men ungdom kan også vera aktive deltakarar og leiarar i dagens samfunn. Gjennom å ta unge på alvor er demokrativerkstaden på Utøya ein stad for å styrka unge si deltaking i demokratiet.
Delegasjonane
Kvart fylke var representert med to ungdommar frå ungdomsutvala i fylkeskommunen og ein politikar frå kvart av KS sine fylkesstyre. Frå Vestland møtte Marcus André Berntzen Askildsen og Hans Fredrik Hagelin Moe frå Vestland ungdomsutval og Sonja Merethe Øvre-Flo frå KS sitt fylkesstyre.
Frå Rogaland møtte Hassan Naima og Martin Steinmo Eia frå ungdommens fylkeståd. Varaordføraren i Karmøy, May Synnøve Rygh, møtte som representant for fylkesstyret i KS Rogaland.
Ungt medborgarskap i lokaldemokratiet
Medborgerskap har to dimensjonar. Det eine er inkludering og like rettar for alle, og det andre er borgarane si aktive deltaking i samfunnet.
Gjennom helga var det lagt opp til mange dialogarenaer gjennom gruppearbeid, dialogturar, samtalar, korte innsalstalar og plakatskriving.
Diskusjonane tok utgangspunkt i dei ti råda frå Toppmøte barn og unge 2024.
Utvalet for framtidas fellesskule var også til stades og fekk tilbakemeldingar frå deltakarane om medborgarskap og medverknad i skulesamanheng. Utvalsleiar Bjørn Haugstad var takksam for gode innspel som utvalet tar med seg vidare.
Dette vart diskutert:
- Korleis kan barn og unge engasjera seg og medverka gjennom deltaking i fellesskapsarenaer som barnehage, skule, fritidsarenaer og ungdomsråd?
- Korleis kan kommunar, skular og fritidsaktivitetar legga til rette for ungt medborgarskap med fokus på lokaldemokrati til det beste for barn og unge?
- På skulen skal ein læra demokratiske verdiar som toleranse og respekt og ein skal tåle at folk er forskjellige og har ulike meiningar.
- Kva er dine råd for at skulen skal vera ein stad der ein tåler å vera ueinige og samtidig respekterar kvarandre?
- Korleis kan skulen best mogleg legga til rette for dette?
Kva kom fram
Engasjementet til ungdommen var stort, og ei gjennomgåande tilbakemelding var at det er viktig å ta ungdommen med på råd i god tid før saka er ferdig handsama. Dei ønskjer ikkje skinnprosessar der dei vert eit ungdomsalibi.
Eit ønskje er at ein allereie i barnehagen jobbar med bevisstgjering og legg vekt på at det er ok å vera ueinige. Ein kan allereie i barneskulen undervisa om demokrati og politikk.
Ei unison tilbakemelding var at kollektivtilbodet må vera godt slik at ungdom kan ta del i ønska aktivitetar uansett kvar dei bur i landet.
Vidare arbeid
Alle fylkesdelegasjonane valde innsatsområde som dei skal jobba med når dei kjem heim.
I Vestland skal Marcus og Hans jobbe vidare med dei pågåande prosjekta i fylket om demokrati (med mål om å auka valdeltakinga blant unge veljarar ved neste fylkestingsval) og inkludering (med mål om å forebygga utanforskap og få fleire av dei som står utanfor arbeidslivet i jobb.)
I Rogaland ønskjer ungdomane å leggja til rette for betre kontakt mellom ungdomsråda i heile fylket. Saman med KS-representantane vil dei leggja til rette for ein prosess der ungdomsråda saman kan gi innspel til tema som vert diskuterte på KS sin haustkonferanse.
KS skal halda kontakten med ungdomane framover, ta del i møta deira og leggja til rette for at deira stemme vert både sett og høyrt på viktige møtearenaer som KS har i begge fylka.

Delegasjonen fra Rogaland: F.v. Martin Steinmo Eia, May Synnøve Rygh og Hassan Naima.
