Leiar i fylkesstyret, Jostein Ljones, opna konferansen ved å rose kommunane for arbeidet dei har gjort for å handtere pandemien.
- Dette varmar eit kommunehjarte, seier Ljones.

Omstilling i ei tid med korona

Strategikonferansen i Vestland, som også omfatta det årlege fylkesmøtet, var digital. Alle kommunar og fylkeskommunar har fått tilsendt Debattheftet 2021 for behandling på førehand.

-For å vere ein effektiv arbeidsgivarorganisasjon treng KS innspel frå kommunar og fylkeskommunar. Det er viktig å behandle debattheftet, seier Johannessen.

To sentrale spørsmål som blir stilte i debattheftet:

  • Har vi tilstrekkeleg handlingsrom for omstilling?
  • Korleis kan vi hindre og kjempe mot ungt utanforskap?

Dette var òg tema på Kommunalpolitisk toppmøte som gjekk av stabelen frå Oslo tidlegare på dagen. 
I Vestland hadde mange kommunar gjort ein grundig jobb med å handsame debattheftet og kome med innspel til KS på spørsmåla som var skisserte.

Eit berekraftig samfunn for framtida

Det årlege tariffoppgjeret er eit mellomoppgjer der KS og partane skal forhandle om lønn innan 1. mai. Som grunnlag for KS sitt forhandlingsmandat blei kommunane bedt om å gje innspel til kva som skal vere sentrale prioriteringar når det gjeld løn.

- Vår oppgåve er først og fremst å sikre at kommunane, saman med fylkeskommunen, leverer berekraftige velferdstenester, og sikre eit berekraftig samfunn for framtida, seier områdedirektør for arbeidsliv, Tor Arne Gangsø.

Eit godt forarbeid er avgjerande for at KS kan få til eit godt resultat i tarifforhandlingane.

Ungt utanforskap

Ungdom som fell utanfor har vore eit gjennomgåande tema på KS sine toppmøte i år og er utan tvil eit viktig område for kommunane å jobbe med. Særleg i tida etter korona vil ein sjå verknaden pandemien har hatt på ungdom si psykiske helse.

- Lytt til ungdomane, sa kronprinsregent Haakon Magnus i sitt innlegg til Kommunalpolitisk Toppmøte. Han poengterte at som berebjelkar i den norske velferdsstaten sit kommunane med nøkkelen til å inkludere dei unge i fellesskapet.

Fylkesstyreleiar Jostein Ljones avslutta konferansen og fylkesmøtet med ei oppfordring om å ta vare på ungdommen og finne løysingar til å hjelpe unge som fell utanfor.