Utbreiing og bruk av velferdsteknologi er aukande og krava til responssenteret blir difor større. KS sitt rådmannsutval har vore styringsgruppe for utgreiinga.

I februar arrangerte KS, Alarmsentralen og Utviklingssenter for heimetenester og sjukeheimar fagdag om responssenterfunksjonar der blant anna rapporten frå Alarmsentralen blei presentert og drøfta.

Oppsummering og synspunkt etter dagen var:

  • Alarmsentralen er ei god ordning for kommunane. Drifta er basert på sjølvkost og sikrar at tenestene ikkje vert dyrare enn dei treng å være.
  • Alarmsentralen må kunne gje tekniske og faglege råd «24/7» til kommunane på video og med tale. Det er ei viktig teneste som må fungere heile tida.
  • Når nybygg til omsorgsplassar skal byggjast er det ei stor oppgåve å vite kva teknologi ein skal satse på. Viktig at slike prosessar kan samkøyrast.
  • Brukarutval for Alarmsentralen og responssenterfunksjonane må etablerast snart.      
  • Avgjerande for at kommune skal hente ut gevinstar at vi kjem vidare med innføring av velferdsteknologi.
  • Integrasjon med EPJ er viktig og må prioriterast.
  • Ein må jobbe med å auke forståing for kva velferdsteknologi er ute i tenestene. Personalet må bli betre informert.
  • Det er forskjellar i måten brukarane må betale for velferdsteknologi. Ein må jobbe med rutinar for dette.
  • Det er viktig å komma i gang med felles innkjøp raskt.

Vegen vidare for arbeidet vert slik:

  1. Rapporten frå arbeidet vil bli forankra og drøfta i regionane (HAFS, SIS, Nordfjordrådet, Sogn)
  2. Rapporten vil bli forankra i helse- og omsorgsutvalet og Rådmannsutvalet
  3. Handsaming av rapport i representantskapen for Alarmsentralen (mai 2019)
  4. Handsaming i kommunane, selskapsavtale, kostnadsfordeling, strategi
  5. Prosjekt – samarbeid mellom kommunane og ALSF om innkjøp (digitalt alarmmottak + utstyr/tjenester) – handlingsplan.
Lenkeblokk Icon Last ned rapport og presentasjonar