Også i Trondheim, som gjennomfører ei årleg MEST-undersøking om meistring av kvardagsutfordringar blant born og unge, ser ein den same trenden. Videoen under viser kva ungdommen og kommunen tenkjer om denne utviklinga:

I møte det siste halvanna året har våre medlemmar jamleg drøfta stauts og utfordringar rundt koronapandemien her i Vest. Bekymring og uro for barn og unge si psykiske helse har vore eit gjentakande tema som er løfta av mange.

Pandemipsyken under Arendalsuka

Både politisk og administrativ leiing i kommunane har vore uroa for utviklinga ein ser. Difor tok KS Vest initiativ til å setje tema «Pandemipsyken» på dagsorden under Arendalsuka.

Vi ynskte å la barn og unge sine stemmer kome til. Vi var interesserte i å høyre kva fagkompetansen meinte, og vi ville syne at kommunane ser og ynskjer å gjere noko med dette. Til sist skapte vi ein samtale og debatt om korleis vi alle kan samarbeide om å gje det beste tilbodet til born og unge som merkar effekten av pandemien på si mentale helse.

Om du ynskjer å høyre meir om tema «Pandemipsyken», er opptaket av heile arrangementet under Arendalsuka i videoen under:

Kommunesektoren vil bidra!

Bodskapen frå KS og kommunesektoren til sentrale politikarar som Bent Høie og Kjersti Toppe var klar: Kommunesektoren er klar og ynskjer å bidra! Til dømes gjennom forpliktande partnarskap for barn og unge, som også var anbefalinga frå strategigruppa for BarnUnge21. Koronapandemien har vist at det kommunale lågterskeltilbodet er av stor betyding for born og unge. Helsestasjon, barnehagar og skular med fleire, er avgjerande for å følgje opp utviklinga og trivselen til born og unge.

Dette samsvarer også med det Peder Kjøs fortalde frå utvalsarbeidet han leia om «Livskvalitet, psykisk helse og rusmiddelbruk under Covid-19-pandemi». Det er lite behov for mange heilt nye tiltak, men ein tilrår å styrke den eksisterande strukturen.

Under arrangementet kom det fram fleire gode døme på lågterskeltilbod som kommunane og fylkeskommunane allereie har teke initiativ til, til dømes: sommarskule i Stavanger, og samtaletilbod og open skule for vidaregåande elevar i Vestland.

Born og unges helseteneste

Eit prosjekt som KS Vest og helseføretaka i Vest allereie samarbeider om, er «born og unges helseteneste». Dette er ein modell som er utvikla i Helse Fonna og som no blir implementert i alle helseføretaka. Kva dette inneber og kan bety, kan du sjå i videoen under:

Videoen er henta frå artikkelen: Om barn og unges helseteneste