Publisert: 08.09.2025
From Amsterdam with love!
Til KS kjem ho etter eit spanande semester på utveksling ved Vrije Universiteit i Amsterdam. I løpet av utvekslingsopphaldet tileigna eg meg teoretisk kunnskap om det nederlandske velferdssystemet og dets korrelasjon med digitalisering og bruk av KI. Dette reiser spørsmål om velferd kan sjåast som eit såkalla "wicked problem", som vidare fører til at aktørane manglar konkrete løysingar for den aktuelle utfordringa. Gjennom utvekslinga fekk eg nye perspektiv på digitalisering og velferd, noko som eg ser fram til å bruke i praksis hos KS.
No er eg klar for å tileigne meg kunnskap og erfaring om kommunesektoren. Eg ønskjer å lære meir om utfordringar og moglegheiter ved bruk av kunstig intelligens i optimalisering av kommunale tenester.Olesja Lukasevica
Kvifor KS?
KS er bindeleddet mellom nasjonale politikarar og innbyggjarar, og bidreg til å styrke tilliten i lokalsamfunnet. Bachelorgraden i samanliknande politikk har gitt ho kunnskap om politiske prosessar på nasjonalt nivå, men for å forstå korleis demokratiet fungerer i praksis, må ho også lære om kommunal drift og avgjerdsprosessar.
«Eg er spesielt interessert i samfunnsbygging og korleis politikken blir utført lokalt. Spørsmål om korleis folkevalde skapar tillit og korleis ein løyser utfordringar i kommunane, er svært relevante for meg. Dette er hovudgrunnen til at eg ønskjer praksisplass hos KS», fortel ho.
Engasjement for berekraft og unge
Frå sin tidlegare rolle som president i FN-studentane Bergen, samt i hennar noverande rolle som sekretær i FN-Studentane Noreg, har ho tileigna meg særskilt kunnskap om berekraftig forbruk, berekraftsmåla, samt dei utfordringane vi står overfor i dag – og korleis dei kan løysast på globalt, nasjonalt og lokalt nivå. - Dermed har eg også jobba aktivt med å fremje engasjement og auka deltaking blant unge, rundt tema som berekraft.
Planar for hausten
I haust tek ho tilleggsfaget The Politics and Global Governance of International Protection. Faget er spesielt relevant ettersom vi no står overfor nye utfordringar omhandlande demografiske endringar – nærare bestemt endra migrasjonsmønster og alderssamansetningar. Dermed får ho i praksis moglegheita til å observere og lære om korleis slike problem blir handterte, dei utfordringane dette medfører for kommunane og kva strategiar som kan bidra til å møte behova på ein berekraftig måte.
