Ta gjerne kontakt!

Det regionale støtteapparatet for «Leve heile livet» minner om at vi meir enn gjerne set pris på å bli kontakta.

Dette viste engasjementet og deltakinga på «Leve heile livet»-konferansane i Sogndal og Bergen i november.

Den store breidda i deltakinga viser at dette satsingsområdet er viktig. Av frammøtte fann vi alt frå politikarar, eldreråd, kommunalsjefar og tenesteleiar til folkehelsekoordinatorar og frivillige. Dette syner at kommunane ser på satsinga som noko som vedkjem heile samfunnet, ikkje berre helse- og omsorgstenestene.

Her kan du lese meir om «Leve heile livet»

Pandemisituasjonen vi har stått i har forsinka arbeidet med satsinga. På bakgrunn av dette har Helsedirektoratet forlenga reformperioden med eitt år, slik at den vil vare ut 2024. Innan 2021 skal kommunane har vedtatt ein plan for korleis dei vil jobbe med «Leve heile livet». Dette arbeidet tilpassar den einskilde kommune ut frå sitt behov.

Det regionale støtteapparatet for «Leve heile livet» minner om at vi meir enn gjerne set pris på å bli kontakta, og dei kommunane som ikkje så langt har takka ja til dialogmøte med oss, er velkomne til dette.