Sidan 2014 har Leni jobba i KS som nasjonal rettleiar i Samarbeid om etisk kompetanseheving, først i 20, så i 40% stilling. I tillegg har ho jobba i Flora kommune med fag, kvalitet og utvikling.

– Eg gler meg til å ta fatt og tenkjer at eg kan sjå dei to stillingane i KS i ein samanheng, seier Leni, som vil ha kontorstad ved KS sitt kontor i Førde.

Leni er utdanna sjukepleiar med tilleggskompetanse innan intensivsjukepleie, pedagogikk, kvalitet og rettleiing. Ho har også master i leiing. Ho har jobba i akuttmedisin på  sjukehus og i fleire kommunar der ho har hatt ulike stillingar som  prosjektleiar, rådgjevar og leiar.

Vi ønskjer Leni velkomen og ser fram til eit godt samarbeid om viktige oppgåver.