Sara Petrine Coucheron Fykse, Sondre Fagerheim Lundestad og Siriann Lillevik jublar etter å ha motteke prisen som Årets ungdomskommune i dag. Det er både sjokkerande og stas, kan ungdommane Sondre og Sara melde frå Mosjøen på telefon, og dei synest det er fortent. Men det var ikkje forventa etter å ha sett bidraga til dei flinke kommunane som også var nominert, skriv Kvam Herad på sine nettsider.

— Kvam herad gjer ein strålande jobb med å ta vare på og inkludere ungdommane sine. Gratulerer så mykje til kommunen og ungdomsrådet med kåringa som Årets ungdomskommune, siterast Barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Sjå saken på Kvam.herad.no