Undervegsrapporten "Leve hele livet i kommunene" frå OsloMet har blitt offentleggjort. Rapporten undersøker korleis kommunane forstår, vurderer og arbeider med «Leve heile livet».

Litt om resultata
Ut frå rapporten ser ein at 98 prosent av kommunane svarer i spørreundersøkinga at dei planlegg å gjennomføre «Leve heile livet». Dei aller fleste kommunane er også samde i reforma sine mål og verkemiddel, og meiner verkemidla  samsvarer godt med deira behov.

Det finst fleire oppfatningar av korleis arbeidet med «Leve heile livet» skal organiserast. Rapporten viser at arbeidet i større grad er anlagt som ei sektorreform enn ei samfunnsreform, sjølv om begge perspektiv er representert hos fleire. Samtidig rapporterer mange kommunar at dei forventar større endringar i samarbeid internt i kommunen eller med eksterne aktørar, som næringsliv og frivilligheit.

Resultata i rapporten kan tyde på at det er stor variasjon i kor godt det har lukkast å forankre samfunns- og berekraftsperspektivet hos administrativ- og politisk leiing i kommunane. Så veit vi at «Leve heile livet» er eit arbeid og ein modningsprosess som tar tid. Vi har tidlegare snakka om fasar i arbeidet, men i praksis vil prosessen vere sirkulær, der ein kontinuerleg jobbar med forankring, planlegging, iverksetting og evaluering/justering.

Her kan du lese heile rapporten

Her kan du også lese nyhendesak om dette på Helsedirektoratet.no