Til hovedinnhold

Sted: Bergen

Vestland: Øving - i ein digital kvardag

Vi samlar kommunane til ei felles øving i digital hending i Bergen i februar. Ta med kriseleiinga til ei ferdig utarbeidd øving, øv saman og få rikeleg fagleg påfyll gjennom innlegg og føredrag knytte til øvinga.

KS Vest PÅMELDING

Praktisk informasjon

Fra: 17. februar 2027 kl. 00:00

Til: 18. februar 2027 kl. 00:00

Sted: Bergen

Adresse: Scandic Flesland Airport Hotel

Målgruppe: Tilsette som er del av kommunal kriseleiing. Kommunedirektør, kommunalsjefar, it-leiar og beredskapsansvarleg.

Region: KS Vest

Phishing, løysepengar, data som blir selde på det mørke nettet og tilsette som er kompromitterte, er truslar vi lever med kvar dag, men som få kommunar øver på.

«Øving - i ein digital kvardag» inviterer kommunane til å ta med heile kriseleiinga til ei ferdig levert oppgåve. Spelstaben er klar med ei realistisk og aktuell øving i handtering av ei alvorleg digital hending. Denne gongen tilpassar vi scenarioet særleg til helseområdet og andre område som nyttar journalsystem i tenesteytinga. Ei slik hending vil likevel råke heile kommunen!

Ta kommunal kriseleiing ut av rådhuset og nytt høvet til å delta på ei ferdig tilrettelagd øving.

Konferansen gir viktige innlegg for å auka kompetansen på korleis kommunen bør handtere digitale truslar, og bygger laget som trengst for å møte ei reell hending.

Dette er gevinstane ved å delta

  • Heile kriseleiinga kan øve saman, med fullt fokus på øvinga og felles fagleg påfyll, utan krevjande planlegging i forkant.
  • Lokale, regionale og nasjonale aktørar bidreg med foredrag og innlegg som fremjar alvoret i trusselbiletet vi står i.
  • Rayvn blir med begge dagane, og vi skal bruke loggføringsverktøyet dei aller fleste kommunane nyttar for å handtere hendingar. Du får med andre ord trening i å bruke Rayvn på kjøpet.

KONTAKT