KS Vestland har for første gang arrangert konferansen «Arena Vestland» på Sandsli 13. og 14. november med konstituerande fylkesmøte for perioden 2019-2023. Debattane har dreia seg om statsbudsjett, lokaldemokratiet, dei unge røystene og berekraftsmål i kommunen si planlegging. Til saman har ca. 140 ordførarar, lokalpolitikarar som er valde delegatar og rådmenn vore samla.

Fylkesstyreleiar Jostein Ljones takka for tilliten og ser fram til perioden som kjem.

- Det ligg eit godt grunnlag frå dei tidlegare fylkesstyra for å få KS Vestland til å bli ein god organisasjon, meinte Ljones.

Bilde uten beskrivelse

Den nyvalde, første fylkesstyreleiar i KS Vestland, Jostein Ljones (t.h.), blir gratulert av administrerande direktør i KS, Lasse Hansen. 

Nytt kommunedirektørutval for KS Vestland

Det nye kommunedirektørutvalet i KS Vestland har 11 medlemmer. Ny leiar er kommunedirektør i nye Kinn kommune, Terje Heggheim. Med seg i utvalet får han nestleiar Ingvild Hjelmtveit (Osterøy), Gunn Lerøy (Hyllestad), Kjellaug Brekkhus (Høyanger), Eystein Venneslan (Askøy), Magnus Mjør (Stord), Øistein Søvik (Vik), Arild Steine (Voss), Håkon Loftheim (Askvoll), Rune Haugsdal (fylkesdirektør Vestland fylkeskommune) og Robert Rastad (kommunaldirektør ved byrådsleder avdeling, Bergen).

Bilde uten beskrivelse

Frå v.: Gunn Lerøy, Håkon Loftheim, Kjellaug Brekkhus, Eystein Venneslan, Terje Heggheim, Arild Steine, Ingvild Hjelmtveit, Øistein Søvik.  Rune Hugsdal, Robert Rastad og Magnus Mjør var ikkje til stades. 

Toppbilete: Petter Sortland og Terje Førde var ikkje til stades. 

Alle foto: Ketil Landøy