På KS kontoret i Bergen har det vore studentar heilt sidan 2009. Dermed er kontoret ein av få samarbeidspartnarar som har vore med frå ordninga blei oppretta ved Universitet i Bergen. Tross ein lang tradisjon med å ha praksisstudent kvart semester var det naudsynt med ein pause frå ordninga. Pandemi, nedstigning og heimekontor er ikkje dei beste rammene for eit praksisopphald. Når vi no er tilbake i normal gjenge igjen er det er det ekstra kjekt å ønskje Serina velkommen nå i haust.

Serina er 21 år og kjem i frå Askøy utanfor Bergen. Ho er halvvegs i ein bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Dette året har ho både utveksling og praksis. Vårsemesteret var ho i Granada i Spania, der ho studerte spansk ved Universitetet i Granada (UGR), og no er ho klar for KS.

- Eg reiste på utveksling til Spania fordi eg ønskte å utfordre meg sjølv - gå ut av konfortsonen rett og slett. Det klarte eg og eg lærte mykje både om meg sjølv og om Spania, seier ho. 

Sjølv om ho ikkje hadde dei beste spanskkunnskapane på forhånd kom ho seg gjennom fem fag med både innleveringar og presentasjonar på spansk. I tillegg har ho fått ei djupare forståing av det spanske samfunnet - den sosiale og politiske strukturen samt kulturen deira (både dei positive og negative sidene). 

Praksisstudentar er viktige for KS

Praksisordninga er ein gyllen anledning for studentar til å få eit lite avbrekk frå studiebenken og få prøve seg på korleis det er å jobbe i ein organisasjon. Dei bring også mykje med seg til KS. Studentane kjem med nye perspektiv og synspunkt i diskusjonane på kontoret og er med på aktivitetane i regionen. Praksisopphaldet er ein unik mogelegheit for studentane å kombinere faglege interesser med aktuelle spørsmål KS jobbar med. Dei står fritt til å velje tema for praksisoppgåva som igjen er nyttige innspel til arbeidet ved kontoret.

- Her i Bergen har studentane blitt ein viktig del av arbeidsmiljøet. Det er også veldig kjekt å treffe igjen tidlegare praksisstudentar i ulike samanhengar. Dei seier at opphaldet hjå oss har vore svært nyttig i karrierane deira, seier ansvarleg for ordninga Tom Gundersen.

Travel student

I tillegg til å vere i praksis hjå KS tek Serina eit fag på UIB om arbeidsmarknadspolitikk. Vidare jobbar ho i omsorgsbustad og er engasjert i Raude Kross.

- Det skal bli spanande å lære meir om korleis KS jobbar med kommunane som er så viktige for lokaldemokratiet vårt. Eg ser fram til å lære mykje nytt og samstundes bidra med eigne erfaringar og kunnskap, seier Serina.