Den 8. og 9. januar samla representantane i fylkesstyra i Rogaland og i Vestland seg saman med KS- administrasjonen. Den første dagen starta med presentasjon av fylkesstyrane. Alle representantane fekk god tid å presentere seg sjølv og kva forventingar dei har til styrearbeidet dei neste fire åra. Dagen blei avslutta med informasjon om korleis KS jobbar interessepolitisk og kva saker som fylkesstyra hadde jobba frem i siste periode. Den andre dagen var satt av til diskusjon av fellessaker for fylkesstyra, og til eigne fylkesstyremøte.

Viktig med samarbeid

Det kom fram mange ulike forventingar. Nokre punktar gjekk att hos representantane frå begge fylke: Samarbeid mellom fylkesstyra for å skape ein slagkraftig region, god forankring av styrearbeidet i kommunane, og at fylkesstyra aktivt tar initiativ til saker og finn konkrete løysingar.

I arbeidet med å skapa ein slagkraftig region er samarbeidet med andre aktørar viktig. – Det er viktig at vi inviterer inn andre partar som til dømes helseforetak, regionråd, utdanningsinstitusjonar og næringsliv, poengterte Odd Stangeland som er styreleiar i KS Rogaland.

Representantane i begge fylke trakk også fram at det er viktig med tettare kontakt mellom KS og kommunane. Dette vil gje meir legitimitet til KS sin rolle som representant for kommunesektoren, samtidig som det blir enklare å nå ut med informasjon om sakene KS jobbar med.