Den 24. mars arrangerer KS og Statsforvaltaren i Vestland digital toppleiarkonferanse om oppvekst- og barnevernreforma. Her får vi oppdatering på det aller siste nye frå blant andre statssekretær i Barne- og familiedepartementet, Bufdir og KS. I tillegg kjem proffane frå Forandringsfabrikken. – Kanskje det aller viktigaste er at vi får høyre barn og unge si stemme, seier Astrid Toft, dagleg leiar ved Bergenskontoret i KS Vestland.  

Ei reform utan innhald, eller ei reform til barnets beste?
Barnevernleiar i Stad kommune, Bjarte Gangeskar, vil i sitt innlegg «Ei reform utan innhald, eller ei reform til barnets beste» seie kven han meiner er dei viktigaste aktørane i denne reforma.

– Eg kjem og til å seie litt om kva som skal til for at reforma vert vellukka. Og ingenting av det eg kjem til å seie er det ein kanskje forventar at ein barnevernsleiar skal seie, legg han underfundig til.

Bilde uten beskrivelse

Bjarte Gangeskar er leiar i barnevernet i Stad kommune. Foto: Privat

Ei reform har fleire sider. Vi ventar sjølvsagt mange positive effektar. Gangeskar vil også kome innom det motsette.
– Eg kjem også til å seie noko om potensielt negative effektar av reforma. Eg kjem også innom systemforståing og ansvarsdeling i mitt innlegg, seier han.

Oppvekstreform og kommunereform
Øygarden kommune meiner at oppvekst- og barnevernreforma er krevjande, men også ei viktig moglegheit for kommunen.

– Reforma vil overføra meir ansvar, og auka midlar til å ivareta dette auka ansvaret, seier einingsleiar for barnevern i Øygarden, Laila Grønn-Jensen, til avisa Vestnytt 9. mars.

Bilde uten beskrivelse

Barnevernreforma er ei reform som gjeld heile kommunen, meiner Laila Grønn-Jensen. Foto: Privat.

– Omlegginga av barnevernet er ei kommunereform, understrekar ho, og forklarer: Reforma heiter Barnevernreforma – namnet gjer at liten del av kommunen føler at dette ikkje angår dei. Bufdir har seinare omtalt det som ei oppvekstreform. Vi ønskjer å omtale det som ei kommunereform, for å synleggjere at dette gjeld heile kommunen.

Proffane frå Forandringsfabrikken
I programmet finn vi statssekretær Ingvild Ofte Arntsen frå BLD, som vil orientere om mål og meining med reforma, og frå KS vil vi få innlegg om kva reforma i praksis vil bety for kommunane.

Minst like viktig, om ikkje viktigare, er proffane frå Forandringsfabrikken sine innlegg – dei som verkeleg har kunnskap om korleis barnevernet fungerer og bakgrunn for å meine noko om korleis det bør fungere i framtida: «Ei barnevernreform som leverer tryggleik og kvalitet for barna, og brukar kommunen sine pengar lurt», er tittelen på første innlegg. Til slutt vil dei oppsummere dagen i eit barneperspektiv.


Born og unge frå Forandringsfabrikken veit kvar skoen trykker. Foto: Shutterstock

Kvifor skal kommunane melde seg på denne konferansen?
- Konferansen skal gi kunnskap til deltakarane, men han skal også gjere kommunane medvitne om at dei må setje i gang prosessar, seier Astrid Toft.

– Dei som deltek blir oppdaterte på aller siste nytt om reforma frå statssekretæren, Bufdir og KS med fleire. Men kanskje er det viktigaste at vi skal få høyre barn og unge si stemme gjennom Forandringsfabrikken, dei er alltid utruleg givande å høyre på.

Her finn du programmet, og du kan melde deg på.
Konferansen blir digital.