Arbeidsmiljøprisen, som skal vere eit godt døme på partssamansett samarbeid i kommunen eller fylkeskommunen, blei tildelt vinnaren med følgande grunngjeving:

Bergen kommune vinn arbeidsmiljøprisen for sitt arbeid med å etablere ein god struktur og retningslinjer for partsamarbeidet i ein parlamentariske kommune.

Forbund og organisasjonar i kommunen har saman med administrasjonen vore delaktige i å utarbeide både styrande dokument og malar for fellesskulering på alle nivå i kommunen.

Bergen kommune har gjennom godt partsamarbeid på konsernnivå etablert eit system som skal gjere det mulig å få til eit virksomt partsamarbeid heilt ut på den einskilde eining.

Hovudorganisasjonene har vore tett påkobla i arbeidet frå dag ein, gjennom arbeidsgrupper, utarbeiding av spørjeskjema og ikke minst materiell for skulering på alle nivå i organisasjonen.

Dette viser tydeleleg ein kommune som er oppteken av å skape gode og ryddige arbeidsforhold for alle sine tilsette, og anerkjenner at eit godt partsamarbeid på alle nivå er avgjerande for at kommunen skal tilby eit godt tenestetilbod til innbyggarar utan at det går på bekostning arbeidsforholda til dei tilsette.

Fokuset Bergen kommune har hatt på viktigheita av partsamarbeid som avgjerande for at stadig fleire einingar etablerer rutinar for partsamarbeid og ser nytteverdien av at tillitsvalde bidreg til å opplyse ein sak godt før avgjerd takast. Trass i at det framleis er utfordringar i einskilde eininga, har det letta arbeidet for alle partar når ein kan vise til politiske vedtak.

Partsamarbeidet i kommunen har sjølvsagt også bestått av meir enn å etablere styrande dokument for partsamarbeid. Heiltidkultur og oppvekstreform i barnevernet kan nemnast som nokre av dei store sakene dei siste åra, der partsamarbeidet har vore svært godt.

Vi gratulerer Bergen kommune og ser fram til å høyre om vegen vidare i arbeidet på neste års arbeidsmiljøkonferanse.

Arbeidsmiljøkonferansen er eit samarbeid mellom KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet og gjekk av stabelen i Bergen 3. og 4. oktober.