Tekst: Mikal Haugen, praksisstudent

Trendanalytikar Ståle Økland var hyra inn for å presentera eit skråblikk på framtida som møter det nye fylket. «Arbeidsplassar er nøkkelen til vekst» var hans klåre melding, «men klimaendringane gjer at vi må ha to tankar i hovudet samstundes».  

Frå eigen kommune til bygd i større eining

Nye lokaldemokratiske strukturar var neste post på agendaen, der einingsleiar for fagutvikling i Sunnfjord kommune, Øystein Høyvik la fram deira visjonar for lokaldemokratiet. Oppretting av områdeutval skal mellom anna sikra lokal representasjon blant innbyggjarane i dei ulike delane av den nye storkommunen. Tidlegare rådmann i Granvin, Trude Letnes, heldt innlegg om gravensarane si rolle i nye Voss Herad - frå å vere eigen kommune til å bli eit bygdesamfunn i ei større eining - og verkemiddel ein ynskjer å ta i bruk for å styrke lokal sjølvidentitet. «Vi vil opne opp fjorden for vossingane» lydde svaret frå Letnes.  

Studentane er ein ressurs

Avdelingsdirektør i KS, Frode Lindtvedt, la fram føresetnadene for framtidas berekraftige velferd, medan stadleg leiar for studenttinget ved Høgskulen på Vestlandet, Stian Sunde, talte studentane si sak då han skildra deira tankar om kva som må til for å rekruttera nyutdanna til kommunal sektor. «Studentane er ein ressurs – bruk oss!» oppmoda han. Ordfører i Kinn kommune, Ola Teigen, supplerte med å fortelje om eigne røynsler med å nytte Facebook for å nå ut til studentane.

Områdedirektør for arbeidsliv i KS, Tor Arne Gangsø, formidla forventningar til kommunane som arbeidsgjevarar. Personalsjef i Fjaler kommune, Camilla Ericsson Valvik, fortalde om deira arbeid med å gjere kommunen god og attraktiv overfor arbeidstakarar. Avslutningsvis fekk vi servert eit innlegg frå Gangsø om tariffoppgjeret 2020, der Bjarte Mohn Olsvold, forhandlingssjef ved byrådleiarens avdeling, kom med innspel frå Bergen kommune.