Overordna kriterier for tildelinga av prisen er at det må vere eit samarbeidstiltak eller eit partssamansett arbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida og at tiltaket kan stå som eit godt eksempel for andre.

Med NED som verktøy for 3,1 prosent sjukefråværsreduksjon

Gjennom deltaking i det formaliserte «NED- med sjukefråfæret»- samarbeidet mellom KS og Nav, klarte Askøy kommune å redusere sjukefråværet i helse og omsorg- og barnehagesektoren frå 10.8 prosent i første kvartal i 2017 til 7,7 prosent i andre kvartal i 2019.

Suksessfaktorar har vore:

  • Forankring hos øverste leiarar
  • Styringsgruppe samansett av kommunalsjef, fagsjefar, hovedverneombod, hovudtillitsvald, NAV lokalt, NAV arbeidslivssenter og HR
  • Fast team frå NAV som følger opp alle sjukefråværstilfelle
  • Kartlegging av fråvær (oversikt og kunnskap)
  • Felles opplæring i regelverk for leiarar, tillitsvalde og verneombod
  • Kursing i «den vanskeleg samtalen»
  • Samlingar med workshops og nyttige verktøy for gode prosessar
  • HR som koordinator og «styrande hand»
  • Konkrete og treffsikre tiltak som er omforeina av alle partar - både på korttids- og langtidsoppfølging og god leiarveiledning

Grunngjeving

Juryen ser at Askøy kommune har teke IA-avtalen på alvor. Arbeidstakar og arbeidsgjevar står saman og prøver å tilrettelegge både før ansatte blir sjuke, samt å ha god plan og rutine på oppfølging når tilsette vert sjukemeld.

Juryen gratulerer Askøy kommune med Arbeidsmiljøprisen 2019.