Læringsnettverket starta i byrjinga av 2018 og er den femte av seks fellessamlingar for pilotane i kommunane. Den vart gjennomført i Ulsteinvik 22. og 23. januar. Deltakarar på fellessamlinga er politisk og administrativ leiing, leiarar og tillitsvalde i pilotane.

Pilotane er både frå helse-/omsorg, barnehage og skule og læringsnettverket som prosjekt varer til hausten 2020. Nettverket er ein del av samarbeidet mellom KS, M&R, Fagforbundet, Delta og Sjukepleiarforbundet i M&R, med grunnlag i den sentrale Heiltidserklæringa mellom partane.

KS Konsulent leiar prosessarbeidet og støttar kommunane i arbeidet mellom fellessamlingane.

På denne femte samlinga vart det mellom anna arbeidd med erfaringsdeling og status i arbeidet så langt.

I erfaringsframlegga frå pilotane vart det mellom anna sett fokus på heiltid og gevinstar kopla til kompetanse, kvalitet og brukarfokus. Kulturbygging tek tid. Heiltidskultur kan ikkje vedtakast, det må leggjast til rette for gode prosessar. Utvikling av og forståing av utfordringsbildet er viktig. Motivasjon må byggast før ein startar arbeidet med turnusar og vaktlengder.

Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein var med på samlinga, han har fokus på heiltid i sin kommune. Som viktige moment trekk Engh fram at heiltidskultur gir mykje betre føresetnader for leiing og kompetanseutvikling hos tilsette.

Rådmann Wenche Solheim i Ørsta var også med, ho støttar sine tilsette i arbeidet med heiltidskultur. Ho framhevar at heiltid mellom anna er en del av løysinga for utvikling av berekraftige tenester.

Tre kommunalsjefar frå Ringerike kommune var med på samlinga. Ringerike arbeider systematisk med heiltidskultur, og har gjort ei god kartlegging av sine utfordringar. Dei delte sine erfaringar og arbeid med heiltidskultur, og fekk deling attende frå pilotane i Ørsta og Ulstein. Ei nyttig økt med god nytteverdi for alle tre kommunane.

Erfaringar frå arbeidet med heiltidskultur i Ørsta og Ulstein vil bli delt på KS M&R sine arenaer, og på eigen konferanse til hausten (arbeidsdato 15. oktober).