Gangstad sin visjon er at kommunane skal vere gode arbeidsgjevarar, sikre innbyggjarane gode tenester, og at kommunane må ha god omstillingsevne. Her fortel Gangstad om seg sjølv.

Eg går til oppgåva som styreleiar i KS Møre og Romsdal med stor audmjukheit og respekt for arbeidet som skal gjerast. Men med ein dyktig administrasjon i ryggen samt eit kvalifisert styre å arbeide saman med gler eg meg til å starte.

Eg er oppvaksen på garden Gangstad på Søre Midøy i noverande Midsund kommune. Når Midsund frå 1.1 2020 er ein del av Molde kommune er det den tredje kommunen eg har bustadadresse i, men med same bustad. Vatne kommune fram til 1965, deretter Midsund og no Molde.

Avtrykket frå Sunnmøre prega meg og grenda mi gjennom oppveksten. Mellom anna er det Sunnmørsbunad som er stasplagget, men eg er Romsdaling og MFK er laget.

Som odelsgut og arvtakar etter ei, verka det som, endelaus rekkje av fiskarbønder var kursen staka ut tidleg. Det var forresten aldri tema. Fiske tok meg gjennom 10 år i Sjøvik AS frå formann til fabrikksjef, frå Nordsjøen til Barentshavet, via skjellskraping til Canada. Etter det vart det 10 år med Kjell Inge Røkke, i Alaska og Argentina. Røkke starta midt på 1990-talet å kjøpe opp fiskeribedrifter i Norge, eg blei kalla heim for å hjelpe med å utvikle desse bedriftene, og var visepresident i Norway Seafoods til 1999.

Eg tok då over heimgarden, gjekk saman med to andre i samdrift frå 2007. Tillitsvald i Tine, styremedlem i Tine Midt-Norge. Deretter styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag der eg sat heilt til eg blei vald til ordførar i Midsund etter valet i 2015, hadde då erfaring frå formannskap og tre periodar i kommunestyret. Noverande leiar i fiskeripolitisk utval i Møre og Romsdal Senterparti og varaordførar i Nye Molde kommune.

Min visjon for kommunesektoren er at kommunen skal være ein attraktiv arbeidsgivar, sikre innbyggjarane gode tenester og evne til å omstille seg raskt nok i ei tid med sterk utvikling på mange område. Alt arbeid utført av kommunen grip direkte inn i innbyggjarane sine liv. Å forsterke arbeidet for å synleggjere alt kommunen står for i folks daglegliv blir viktig. Dette er viktig også for å rekruttere engasjerte politikarar. Utan dette har demokratiet store utfordringar framover. 

KS er ein svært viktig del av Kommune-Norge. Det er nok å nemne rolla i tarifforhandlingane, kunnskapen om kommuneøkonomi og dyktige medarbeidarar i alle ledd. Eg meiner KS verkeleg har evna å omstille seg i takt med samfunnet elles. Berre sjå på rolla KS har tatt i forbindelse med FN sine bærekraftmål og implementering av desse i kommunar og fylker.

Noko av det eg vil ta med meg inn i styret er erfaringane mine frå det private næringsliv. Særleg arbeidet internasjonalt lærte meg mykje om organisering og korleis utvikle ein organisasjon, og kor viktig det er å bygge alliansar.