Publisert: 11.02.2026
Lødingen kommune og ein tidlegare kommunedirektør hadde inngått ein arbeidsavtale der kommunedirektøren hadde fråskrive seg stillingsvernet mot etterløn.
Etter at kommunedirektøren hadde vore i stillinga i litt over eit halvt år, kom kommunen i april 2023 til at arbeidsforholdet måtte avsluttast. Kommunestyret vedtok difor at klausulen om avslutning av arbeidsforholdet mot utbetaling av etterløn skulle utløysast.
Tingretten og lagmannsretten kom til motsett resultat
Kommunedirektøren meinte at vedtaket var fatta på sviktande grunnlag, og at vedtaket difor var i strid med forvaltningslova og ulovfesta normer for utøving av styringsrett.
Kommunedirektøren fekk medhald i tingretten, men lagmannsretten kom til motsett resultat. Kommunedirekøren anka til Høgsterett, som tok saka inn til handsaming. Då meldte både KS og Spekter seg som partshjelparar til støtte for Lødingen kommune.
Høgsterett sin dom i saka
Den 30. januar 2026 sa Høgsterett dom i saka. Dommen avklarer ei rekkje forhold som tidlegare har vore omdiskutert.
Høgsterett viser til at arbeidsmiljølova opnar for at øvste leiar kan fråskriva seg stillingsvernet mot etterløn.
Det første spørsmålet Høgsterett svarar på, er om arbeidsgjevar står fritt til å avslutta arbeidsforholdet, eller om det gjeld visse materielle avgrensingar. Med materielle avgrensingar siktar Høgsterett til om det gjeld visse krav til sakleg grunn. Høgsterett konkluderer med at «arbeidsgiver kan beslutte at lederen må fratre stillingen uten at vedkommende er å bebreide, og uten å konkretisere hva som er bakgrunnen for at vedkommende må fratre».
Det andre spørsmålet var om vedtaket frå kommunestyret var eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. For at reglane om enkeltvedtak skal gjelda, er det eit grunnvilkår at dette er utøving av offentleg mynde. Forvaltningslovutvalet var litt uklare på dette spørsmålet, men Høgsterett slår i fast «at det offentliges beslutninger som arbeidsgiver i utgangspunktet bygger på utøvelse av privatautonomi – ikke på offentlig myndighetsutøvelse».
Det er likevel slik at forvaltningslova har gjort visse avgjerder eit offentleg organ fattar som arbeidsgjevar, til enkeltvedtak. Dette gjeld mellom anna vedtak om «oppsigelse».
Dersom vedtaket til Lødingen kommunestyre om å avslutta arbeidsforholdet til kommunedirektøren var ein «oppsigelse» etter forvaltningslova, ville mange av dei reglane som inngår i stillingsvernet likevel gjelda for kommunedirektørar og andre toppleiarar av offentlege verksemder. Høgsterett seier at «oppsigelse» i forvaltningslova må forståast på same måte som oppseiing i arbeidsmiljølova. Høgsterett på den andre sida seier også at «arbeidsgivers beslutning om fratreden representerer en alternativ måte å avslutte arbeidsforholdet på» og at «dette tilsier etter mitt syn at opphør av et arbeidsforhold mot etterlønn ikke skal anses som en oppsigelse etter arbeidsmiljøloven».
I neste avsnitt seier Høgsterett at reglane i forvaltningslova om enkeltvedtak ikkje passar på vedtak om iverksetjing av etterlønsavtale. Det vil seia at ved «slik fratreden kreves hverken angivelse av grunn eller sannsynliggjøring av faktiske forhold». Det er «heller ikke samme behov for å anvende forvaltningsloven § 17 om utredningsplikt eller §§ 24 og 25 om skriftlig begrunnelse». Grunngjevinga er at det vil «harmonere dårlig med formålet bak etterlønnsordninger dersom beslutningen likevel skulle underlegges forvaltningslovens saksbehandlingsregler om enkeltvedtak».
Det er likevel ikkje heilt fritt fram. I avsnitt 70 seier Høgsterett «at domstolene kan prøve om beslutningen om fratreden mot etterlønn er et utslag av misbruk av styringsretten, herunder om den fremstår som vilkårlig eller basert på utenforliggende hensyn».
Dersom arbeidsgjevar har komme med ein grunn til kvifor arbeidsforholdet skal avsluttast, kan domstolen «prøve om beslutningen bygger på et vesentlig uriktig faktum». Det er altså ikkje slik at arbeidsgjevar må visa til ein grunn, men har arbeidsgjevar vist til eit grunnlag, kan domstolane prøva dette.
Det kan stillast spørsmål om det også må vera eit fleirtal bak grunngjevinga, og ikkje berre sjølve vedtaket. Om dette seier Høgsterett «at ved beslutninger som tas av virksomhetens øverste kollegiale organ, kan det være uenighet om begrunnelsen, uten at dette gjør flertallsvedtaket vilkårlig».
Det siste spørsmålet var om ulovfesta forvaltningsrettslege prinsipp var relevante. Her seier Høgsterett at «det på arbeidsmiljølovens område i liten grad behov for å supplere rammene for styringsretten med ulovfestede forvaltningsrettslige prinsipper. Kommunen, som alle andre arbeidsgivere, er bundet av de ulovfestede normene som begrenser arbeidsgivers styringsrett.»
Konklusjon
Høgsterett fann ingen feil ved avgjerda til Lødingen kommune, og kommunen vart difor frifunnen.
Hovudstyret i KS vil i løpet av våren ta stilling til om KS skal oppdatere rådet til kommunane om etterlønsavtalar for kommunedirektørar.
