Barnevernlova § 5-8 seier det må liggja føre «særlige grunner som tilsier at det er nødvendig å frata foreldrene foreldreansvaret for å ivareta barnet».

Vanlegvis oppstår dette spørsmålet i saker der eit barn er plassert i fosterheim og fosterforeldra ønskjer å adoptera fosterbarnet. Det var ikkje situasjonen i denne saka. Barnet var plassert i fosterheim, men det var ikkje tale om adopsjon.

I denne saka var situasjonen at far sat i fengsel for å ha drepe mor til deira felles barn. Far er ikkje ferdig sona, før barnet er myndig. Far meinte han kunne ivareta foreldreansvaret for barnet, sjølv om han sat i fengsel.

Kommunen og barnevernet meinte far ikkje hadde føresetnader for å ivareta foreldreansvaret, og at omsynet til barnet tilsa at barnet skulle sleppa å måtta halda seg til far i spørsmål som er underlagt foreldreansvaret.

Høgsterett kom til at far ikkje skulle ha foreldreansvar for barnet. At Høgsterett kom til det resultatet, er ikkje det vesentlege i saka. Det vesentlege i saka, er at Høgsterett, utan å seia det direkte, klargjer noko som mange har stilt spørsmål om sidan 2020.

I 2020 tok Høgsterett inn fire barnevernsaker, for å ta stilling til kva følgjer det skulle få at Noreg hadde tapt i barnevernsak i Den europeiske menneskerettsdomstolen, i saka som er kjend som Strand Lobben-saka.

Høgsterett viste til denne Strand Lobben-saka, og uttalte at «[v]ed omsorgsovertakelse innebærer dette at et inngrep på grunnlag av de materielle vilkårene i barnevernloven § 4-12 må være i samsvar med kravet om "very exceptional circumstances"». Dette har Høgsterett også sagt i fleire andre saker etter dette.

Mange har stilt spørsmål om dette kan vera rett, fordi det sentrale i Strand Lobben-saka var adopsjon og ikkje omsorgsovertaking.

I dommen som kom 13. mai 2025, klargjer Høgsterett rettstilstanden slik:
«Oppsummeringsvis er fratakelse av foreldreansvar et alvorlig inngrep i retten til familieliv, som bare kan skje dersom det foreligger "særlige grunner", som må forstås som relevante og tilstrekkelige grunner. Inngrepet må være nødvendig for å ivareta barnet, som må forstås som et krav om forholdsmessighet, der det må skje en avveining av de kryssende interessene. Det kreves imidlertid ikke "exceptional circumstances" så lenge inngrepet ikke innebærer varig brudd på familiebåndene.»

Klargjeringa er altså at det å gå til omsorgsovertaking, ikkje krev "exceptional circumstances", slik som sakene frå 2020 kunne tyda på. Kravet om "exceptional circumstances" gjeld berre for vedtak som medfører varig brot mellom barn og foreldre, som til dømes eit vedtak om adopsjon.

Dommen kan lesast her