Kva er eigentleg klarspråk, kvifor er klarspråk viktig, og korleis lukkast vi med klarspråksarbeidet? Det er store spørsmål, men vi skal greie ut så godt det lèt seg gjere på ein time. Så inviterer vi deg til å lese meir i ein heilt ny bok om klarspråk, som Språkrådet lanserer på dette seminaret. Seminaret passar bra både som ei innføring i klarspråksfaget og som påfyll og oppdatering for dei vidarekomne.
Du er med på å skrive historia, historia om korleis Noreg vart eit føregangsland for klarspråk i verda. Kva har vi lært på vegen? Korleis definerer vi klarspråk i dag? Og kvifor er ISO-standardane for klarspråk relevante for oss? Margrethe Kvarenes og Torunn Reksten (Språkrådet) fortel om dei viktigaste hendingane i klarspråkshistoria dei siste tjue åra – og vi får nokre historier frå kulissane.
Medan språklova har ein heilt eigen klarspråksparagraf, så har forvaltningslova fleire andre lovkrav som det ikkje er mogleg å etterleve utan klarspråk. Janine Schaller-Bøyum (Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet) viser kvifor vi ikkje kjem utanom klarspråk, og korleis klarspråk er ein føresetnad for at forvaltninga skal kunne etterleve sitt eige verdigrunnlag.
Klarspråk sparer pengar, men vinsten kjem ikkje utan investeringar. Korleis får ein folk med på å bruke tid og pengar på klarspråk? Tore Bratt (Rana kommune) har vore pådrivar for klarspråk nasjonalt, i Helse Nord og i fleire kommunar. Han har fått eventyrleg gjennomslag, men har òg stanga hovudet i veggen. Her deler han noko av det han har lært på vegen.
I KLP har den oppdikta personen Kåre vorte symbolet på mottakaren, anten han er kunde, kollega, medlem eller ein heilt annan. Mantraet «Redd Kåre» har endra heile skrivekulturen. Kåre får rett og slett dei tilsette til å bruke klarspråk i arbeidskvardagen – og nå bidreg KI også. Lars-Fredrik Hoel Aronsen og Marianne Holt Holgersen (KLP) fortel om korleis Kåre har teke steget inn i nåtidas teknologi.
Program
- Klarspråk i går, i dag og i morgon ved Margrethe Kvarenes og Torunn Reksten, Språkrådet
- Klarspråk er god forvaltning ved Janine Schaller-Bøyum, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
- Korleis er umogleg utan eit godt kvifor! ved Tore Bratt, Rana kommune, i samtale med Margrethe Kvarenes
- Kan kunstig intelligens redde Kåre? ved Lars-Fredrik Hoel Aronsen og Marianne Holt Holgersen, KLP
- Kva får du sjå og høyre på konferansen Klarspråk 2027? ved Gro Malnes Øvrebø, Bergen kommune
