Publisert: 23.09.2025
KoSy er eit viktig første skritt for å gi kommunane verktøy for betre oversikt med smittesporing, både i kvardagen og i krisesituasjonar.
Denne artikkelen er utarbeidet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet.
– Det er avgjerande for beredskapen i landet at kommuneoverlegane har rask tilgang til påliteleg informasjon. KoSy gjer det enklare å ta gode og effektive smitteverntiltak lokalt. Derfor er det gledeleg at dette verktøyet no er komen i gang, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Kommunane har eit stort behov for god og tilgjengeleg kunnskap. KoSy er eit viktig første skritt for å gi kommunane verktøy for betre oversikt med smittesporing, både i kvardagen og i krisesituasjonar, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.
KoSy, som nyleg blei sett i drift (fhi.no), skal styrke smittevernarbeidet og gi betre grunnlag for råd og tiltak i kommunen. Tenesta er kostnadsfri for alle kommunar.
Kva er KoSy?
Raskare oversikt med KoSy
Erfaringar frå pilotprosjektet har vist at KoSy gir raskare oversikt over smittesituasjonen lokalt og regionalt, samt betre råd til både kommunehelsetenesta og befolkninga.
Det betyr at heile helsetenesta kan handle tidlegare, setje inn målretta tiltak og gi betre og meir presis informasjon til innbyggjarane.
KoSy oppdagar også utbrot som til dømes MRSA og gonoré tidlegare enn det ein har gjort fram til no.
Betre grunnlag for avgjerder
– Med KoSy får kommunane eit moderne verktøy som styrker kunnskapen, slik at kommuneoverlegane har eit betre grunnlag for å ta avgjerder når det gjeld å verne innbyggarane våre mot smittsame sjukdomar, fortel Vestre.
– Under pandemien fekk vi verdifulle erfaringar frå samarbeidet mellom FHI og KS om digitale løysingar. No bygg vi vidare på dette, og ser fram til å utvikle KoSy-løysinga saman med FHI, seier Helgesen.
No ved oppstart inneheld KoSy følgande typar data:
- Prøvesvar frå medisinsk-mikrobiologiske laboratorium
- Vaksinasjonar
- Meldte tilfelle av smittsame sjukdomar
- Konsultasjonar hos fastlege og legevakt med relevante diagnosekodar
