Klarspråk 2027 er ein nasjonal møteplass for deg som jobbar med å gjere det enklare å finne, forstå og bruke offentlege tenester. Arrangørar er DigiVestland, Bergen kommune, KS og Språkrådet.

Politi, vêrvarsling og KI-krise på programmet

 Her er noko av det du får sjå og høyre om på Klarspråk 2027:

  • Språket vårt er i krise!? Er KI skurken eller den gode hjelparen? Du får åtvaringar og gode råd.
  • Været vert villare og verda meir usikker. Korleis varslar og rettleier vi innbyggarane i klarspråk, til dømes gjennom vêrvarslinga og Politiloggen?
  • … og visste du at vi i Noreg har jobba med klarspråk i heile 750 år?

Samla 200 frå heile landet i 2026

Klarspråk 2027 er den fjerde i rekka og programmet bygger på tilbakemeldingar frå tidligera år.

"Veldig mange gode og engasjerande føredragshaldarar. Får meir lyst til å jobbe med klarspråk."

"Dette er den mest lærerike konferansen jeg har deltatt på – på år og dag. Takk!"

"Fantastisk konferanse som me håpar me kan få reise på fleire år!"

Lenkeblokk Icon Program og påmelding til Klarspråk 2027