Eit korps med både erfarne og nye prosessrettleiarar står klare til å gjennomføre programmet. Vi legg opp til at samlingane i større grad enn før blir gjennomførte av to prosessrettleiarar saman. På denne måten kan vi sette saman team som utfyller kvarandre. 

KS Program for folkevalde består av to delar:

  • Basisdagane: Dei første to dagane i programmet legg vekt på roller og rolleforståing, samspel mellom dei folkevalde, med administrasjon og lokalsamfunn. Å bidra til eit godt debattklima og eit kollegialt samarbeid står sentralt.
  • Temadagane: Alle kommunestyre og fylkesting kan også bestille to skreddarsydde temadagar i perioden. Her kan kommunestyre eller fylkesting fordjupe seg i ulike tema ut frå behov. Det kan vere fagleg påfyll om til dømes kommuneøkonomi, etikk og habilitet, samfunns-planlegging eller arbeidsgjevarpolitikk. Det er også mogeleg å få hjelp og støtte til å styrke kollegiet.

Nytt tilbod: Ny agenda for kommuneplanen sin samfunnsdel

KS har nyleg gjennomført eit utviklingsarbeid for å utvikle kommuneplanen sin samfunnsdel til å bli eit betre politisk styringsdokument. Kommunar som ønsker å vedta eller revidere samfunnsdelen tidleg i perioden, kan få tilbod om eit eige spor i regi av KS Program for folkevalde. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette, men interesserte kommunar kan gjerne melde tilbake til oss så snart som mogeleg.

Korleis bestille KS Program for folkevalde?

Basisdagane kan bestillast allereie no. Ta kontakt med koordinator for programmet i din region for avtale og for å finne ut kva prosessrettleiarar som passar i dykkar kommune.

Kontaktinformasjon til koordinatorane i din region:

Desse er prosessrettleiarar for KS Program for folkevalde i din region:

  • Petter Steen
  • Solveig Ege Tengesdal
  • Ane Mari Braut Nese
  • Eirik Haga
  • Kåre Martin Kleppe
  • Åslaug Krogsæter
  • Kristin Maurstad

Sjå oversikt her

Kva kostar KS Program for folkevalde?

Prosessrettleiar til to dagar basisprogram og to temadagar i perioden dekkast av medlemskontingenten i KS. Prosessrettleiarane sine reise- og opphaldsutgifter vil bli fakturert kommunen/fylkeskommunen.

Meir om KS Program for folkevalde

Du finn informasjon om KS Program for folkevalde på ks.no

Har de spørsmål om programmet? Ta kontakt med koordinator for din region.