Påmelding

Rogaland
Vestland

Strategikonferansen

Strategikonferansen er KS sin møteplass for ordførarar, fylkesordførar, andre folkevalde, fylkesmøterepresentantar, kommunedirektørar, fylkesdirektør og andre toppleiarar i kommunar og fylkeskommunen, medlemmer i regionråd og medlemmer av Samfunnsbedriftene. 

På Strategikonferansen set vi arbeidsgjevarpolitikk, tariff og andre aktuelle saker for kommunal sektor på dagsorden.

Dette er og ein arena for nettverksbygging og utvikling av kommunesektoren. Strategikonferansen er ein møteplass der kommunane kan dele erfaringar og kunnskap. Strategikonferansen vert arrangert årleg i februar/mars.

Fylkesmøtet

Fylkesmøtet er KS’ øvste medlemsorgan i fylket. På fylkesmøtet møtest dei valde representantane frå kommunane og fylkeskommunen ein gong i året, i tilknyting til Strategikonferansen. 
I Vestland er det 120 representantar, i Rogaland 90.

Hovudtema for fylkesmøtet er KS’ rolle som arbeidsgjevarorganisasjon, og det er fylkesmøtet som gjev KS innspel til årets forhandlingsmandat i løns- og tarifforhandlingar.
Alle representantane blir oppmoda om å delta på Strategikonferansen for å få kunnskap og informasjon som er viktig å ha med seg i arbeidet som fylkesmøterepresentant, mellom anna om arbeidsgjevarrolla ein utøver i dette vervet.

Innkallinga til fylkesmøtet blir send til representantane ei veke før møtet.

Her finn du KS’ vedtekter.

Har du spørsmål? Ta kontakt med KS i region Vest.