- Det er flott å sjå at kommunen ser etikk i samanheng med arbeidet dei skal utføre, seier etikkrådgjevar i Vestland, Leni Klakegg.

Etikk blir sett i samanheng anten det handlar om dei gode møta med tenestemottakar og pårørande, ny oppgåvefordeling, samhandling internt og eksternt, eller korleis ein skal møte framtida med å «bu trygt heime».

- Oppgåvene er mange, og det ser ut til at vi blir færre til å løyse dei. Systematisk etisk refleksjon og 6-trinnsmodellen kan vere til god hjelp på alle nivå i tenestene for å ta gode, faglege og reflekterte val og prioriteringar, seier Leni.

Meir kunnskap

For at vi skal få meir kunnskap om kva betydning etisk kompetanse har i leiing, har professor Rudi Kirkhaug ved UIT har gjennomført ei undersøking blant leiarar.

Kirkhaug seier blant anna i rapporten (2023): «Lederskap i helse- og omsorgssektoren må forholde seg til fire faktorer samtidig: effektivitet, endring og utvikling, arbeidsmiljø og tjenestekvalitet. Dette innebærer at lederskapet må bevege seg fra administrasjon til mer direkte ledelse, samtidig som etikk må gå fra å være passivt og individuelt bevissthetsfenomen til å bli et aktivt virkemiddel i hverdagen».

Rapporten finn du her

Eit av dei siste verktøya etikksatsinga har laga er «På samme lag – etikkrefleksjon for godt samarbeid med pårørende».

Ønsker du å lese meir eller bestille nokre av verktøya, kan du gjere det her

Du må også gjerne ta kontakt med etikkrådgjevar i Vestland, Leni Klakegg leni.klakegg@ks.no