Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) overleverte 21. januar ein rapport til Olje- og energidepartementet om konsesjonsprosessen for vindkraft på land. Rapporten inneheld ei skildring av utfordringar og forslag til tiltak for å betre systemet og forvaltingspraksis for behandling av vindkraftsaker. 

- Vi er glade for at NVE er i gang med å møte behovet for eit betre system og endra forvaltingspraksis. Vi meiner samstundes at kommunesektoren må vere med og legge premissane når det nye systemet skal utformast, seier Helgesen.

Klar melding frå KS til Tina Bru

Gunn Marit Helgesen forventar at den nye ministeren syter for god dialog med KS om vindkraft i tida som kjem.

- KS gratulerer Tina Bru med den viktige jobben som olje- og energiminister. Skal ho lukkast i denne jobben, må ho no syte for at kommunesektoren blir skikkeleg involvert i arbeidet med å fornye og betre system og forvaltningspraksis for vindkraftsaker. Vi forventar ein open, grundig og involverande prosess der kommunesektoren er sentral deltakar, poengterer Helgesen.

KS er no i gang med å gå grundig gjennom rapporten frå NVE.

Trengs utbetringar i alle fasar

KS har i sin høyringsuttale til nasjonal ramme for vindkraft på land peika på fleire behov for forbetringar som gjeld heile livsløpet for vindindustrianlegg. Uttalen inneheld mellom anna følgjande punkt:

  • Kommunane sin rett til å seie nei til vindkraftutbyggingar må sikrast.
  • Kommunane må få styrkt si evne til å skape gode prosessar i første fase av vindkraftutbyggingar.
  • Plan- og bygningslova må gjelde også for vindkraftsaker. Prosessar og avgjerder som i dag vert gjorde i miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) og detaljplan, må behandlast etter plan- og bygningslova, ikkje etter energilova som i dag. 
  • Konsesjonsmynde for vindkraftsaker må overførast frå NVE til fylkeskommunane som del av regionreforma.
  • Økonomisk kompensasjon for vindkraftutbyggingar må greiast ut om og vurderast nærare.

KS og LNVK står saman

Også Landssamanslutninga for norske vindkraftkommunar (LNVK) arbeider aktivt for å få betre forvaltningspraksis i vindkraftsaker og å styrke dialogen med kommunane om forvaltinga. KS og LNVK har felles hovudsyn og samarbeider no nært om vindkraftforvaltinga. Vi er samde om at nøkkelen til vindkraftsystemet ligg i kommunesektoren.