Høyringsuttalen er eit svar til Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) sitt forslag til «Nasjonal ramme for vindkraft på land" frå 1. april i år.

Høyringsuttalen inneheld også følgjande hovudpunkt:

  • "Nasjonal ramme for vindkraft på land" må ikkje vere styrande for tildeling av konsesjonar for bygging av vindkraftanlegg.
  • Kommunane sin rett til å seie nei til vindkraftutbyggingar må sikrast.
  • Kommunane må få styrkt si evne til å skape gode prosessar i første fase av vindkraftutbyggingar.
  • Plan- og bygningslova må gjelde også for vindkraftsaker. Prosessar og avgjerder som i dag vert gjorde i miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) og detaljplan, må behandlast etter plan- og bygningslova, ikkje energilova som i dag. 
  • Konsesjonsmynde for vindkraftsaker må overførast frå NVE til fylkeskommunane som del av regionreforma.
  • Økonomisk kompensasjon for vindkraftutbyggingar må greiast ut om og vurderast nærare.
Lenkeblokk Icon Sjå heile høyringsuttalen frå KS