-Me vil gjerne koma i kontakt med kommunar som ønskjer å bidra inn i nye forskingsprosjekt på tematikken.

Tor Arne Gangsø, arbedislivsdirektør, KS

Rapport

Lenkeblokk Icon Rapport: Heltid, deltid og sykefravær. Litteratursøk mot nordisk offentlig sektor og innspill til videre forskning

Høgt sjukefråvær og eit stort omfang av deltidsarbeid er kvar for seg store utfordringar for norske kommunar – og særleg gjeld dette i dei turnusbaserte helse- og omsorgstenestene. Ei ny kunnskapsoppsummering frå Arbeidsforskingsinstituttet og Oxford Research har no tatt for seg kva forskinga fortel om samanhengar mellom heiltid/deltid og sjukefråvær.

Arbeidsforskingsinstituttet og Oxford Research har på oppdrag frå KS utført litteratursøk etter studiar som har sett på samanhengar mellom heiltid, deltid og sjukefråvær. Prosjektet har resultert i ein rapport som summerer opp kunnskap frå både fagfellevurdert litteratur og grålitteratur, og som gir innspel til vidare forsking.

 – Sjølv om det etter kvart finst mykje kunnskap om begge felt, er det forska lite på moglege samanhengar mellom heiltid/deltid og sjukefråvær. Målet med dette prosjektet har vore å få fram eksisterande kunnskap om slike samanhengar, og få innspel til vidare forsking, fortel Gangsø.

Sprik i funn og tilnærmingar

Litteraturgjennomgangen syner at forskingsresultata på feltet går i ulike retningar. Oppsummeringa viser at deltid kan henga saman med både lågare (ni studiar) og høgare (fire studiar) sjukefråvær enn heiltid. Ser me på studiane som baserer seg på norsk empiri, så viser desse ein langt høgare førekomst av lågare fråvær ved deltid, enn ved heiltid.

Ei mogleg årsak til motstridande funn i litteraturen, er at samanhengar kan te seg forskjellig avhengig av nasjonale og organisatoriske kontekstar. Det finst til dømes mange måtar å organisera arbeidstidsordningar på, omfanget av deltidsarbeid vil variera, og det vil vera forskjellar i kompensasjonsnivå ved sjukefråvær. Slike variasjonar kan ha påverka utfalla i dei respektive studiane.

At koplingar mellom heiltid/deltid og sjukefråvær er blitt sparsamt handtert i forskinga, kjem òg tydeleg fram av kunnskapsoppsummeringa. Ingen av dei 13 studiane som er inkluderte i gjennomgangen har nemleg dette som si hovudproblemstilling. At dei sentrale variablane gjerne òg er definerte på forskjellige vis, og med ulike gradar av presisjon, bidreg til kompleksiteten av å summera opp kunnskapen på feltet.

Sprik i både funn og tilnærmingar talar for at problematikken må forståast i samanhengen han er ein del av.

  – Kunnskapsoppsummeringar som denne er svært verdifulle for oss. Skal me lukkast med å auka heiltidsdelen samstundes som me reduserer sjukefråværet, må me jobba kunnskapsbasert, seier Gangsø.

Om prosjektet

I litteraturgjennomgangen er det skilt mellom fagfellevurdert litteratur og grålitteratur; det er gjort søk i både internasjonal og norsk fagfellevurdert litteratur, samt i norsk og nordisk grålitteratur.


For at ein studie er blitt inkludert, måtte følgjande gjelda:

  • Heiltid/deltid/stillingsprosent inngår som variabel.
    • Variabelen må vera inkludert i datasettet som brukast i studien, men det er ikkje stilt absolutte krav til kva for rolle variabelen skal ha i analysen.
    • Krav om korrelasjon mellom denne arbeidstidsvariabelen og sjukefråvær.
    • Ikkje krav til operasjonalisering, dvs. kor skiljet mellom heiltid og deltid går, eller om variabelen er dikotom eller ikkje.
  • Sjukefråvær inngår som variabel.
    • Dei same krava til kva for rolle variabelen skal ha gjeld for denne som for arbeidstidsvariabelen over.
    • Studiar er inkluderte uansett om dei målar langtids- eller korttidssjukefråvær, eigenmeld eller legemeld eller er knytt til enkeltdiagnosar.
  • Nordisk og kommunal kontekst.
    • Studiane gjeld tilsette i anten Noreg, Sverige, Danmark, Finland eller Island.
    • Studiane gjeld fortrinnsvis kommunal sektor, og då hovudsakeleg turnusbaserte tenester innan helse og omsorg. Utover dette er det også inkludert studiar som gjeld sjukehustilsette.

Til saman var det 13 studiar som oppfylte inklusjonskriteria og som vart inkluderte i oppsummeringa. Av desse er sju frå gjennomgangen av fagfellevurdert litteratur, og seks frå grålitteratursøket.

Behov for å dekka kunnskapshol

Forutan å summera opp kunnskap frå ulike typar litteratur, gir sluttrapporten òg innspel til den vidare forskingsinnsatsen på feltet. I denne samanheng peikar rapportforfattarane på fleire kunnskapshol i litteraturen.

For det fyrste avdekkjer rapporten ein klar mangel på studiar som forsøker å forklara samanhengane me ser. På kva for måtar, gjennom kva for mekanismar og i kva for kontekstar påverkar deltidsarbeid sjukefråvær? Viss for eksempel sjukefråværet går ned når deltid går opp – anten om det er på individ- eller gruppenivå – er det viktig å veta kvifor dette skjer.

Eit anna fråvære i litteraturen gjeld studiar som forsøker å identifisera forskjellige forlaup inn og ut av deltid og sjukefråvær, og som altså tar høgde for eit meir komplisert samspel over tid. Vidare er det også mangel på studiar som undersøkjer korleis samanhengar mellom deltid og sjukefråvær varierer ut frå kven som jobbar deltid – og føresetnadane desse jobbar deltid under.

Rapporten understrekar i tillegg at det er behov for fleire metodiske innretningar for den vidare forskinga.

Med den ferske rapporten i hendene, kjem Gangsø med ei oppmoding til kommunar som er opptatte av tematikken.

 – Når det manglar studiar som set spørsmålet om deltid og sjukefråvær i samanheng med andre arbeidstidsforhold, så viser dette at me treng meir målretta forsking. Me vil gjerne koma i kontakt med kommunar som ønskjer å bidra inn i nye forskingsprosjekt på tematikken.