Flyplass, beredskap og samarbeid

Julie er 21 år og kjem opphaveleg frå Randaberg. Ho er student ved bachelorprogrammet i statsvitskap  ved UIS og skal ha sin praksisplass ved KS kontoret i Stavanger. Julie ser på praksisopphaldet som ein mogelegheit til å få eit avbrekk frå studiane og samstundes bli betre kjend med arbeidslivet. – Så langt trivst eg veldig godt på KS kontoret og eg gler meg til lære mykje om KS og korleis dei jobbar for kommunane.

Når Julie ikkje jobbar på KS er ho og finne på Stavanger lufthamn, Sola. Her jobbar ho med innsjekking av flypassasjerar og boarding. I løpet av opphaldet skal praksisstudentane skrive ein praksisrapport. Eit førebels tema til prosjektrapporten kjem nettopp frå flyplassen, då ho har tenkt å sjå på korleis lufthamna samarbeider med andre offentlege aktørar, spesielt Sola kommune, utifrå eit beredskapsperspektiv. 

Lokaldemokrati og rekruttering

Maren 21 år og kjem frå Molde. Til dagleg studerer ho samanliknande politikk ved UIB og skal ha sin praksisplass ved KS kontoret i Bergen.
– Eg søkte meg til KS fordi eg ønskjer å bli kjend med den spanande arbeidsmarknaden som kommunane er for ein statsvitarstudent. Praksisopphaldet til Maren avrundar eit år med frie studiar i hennar bachelorgrad kor ho også har studert i Wien.

Parallelt med praksisopphaldet i KS skal Maren skrive sin bacheloroppgåve. Tema for denne er samanfallande med tema ho har valt for praksisrapporten.
- Eg har tenkt å sjå på korleis kommunane jobbar med å mobilisere og behalde unge folkevalde. Mange unge, kvinner spesielt, har dårlege opplevingar som folkevalde. Nokre opplev at deira meiningar ikkje blir høyrd, andre at dei unges sakar er mindre viktige i kommunepolitikken. Vidare opplever mange lokalpolitikarar hets og hatefulle ytringar i samband med sitt arbeid.
- I sum gjer dette at mange unge ikkje engasjerer seg noko eg tenkjer er ein stor utfordring for lokaldemokratiet i Noreg. Korleis biletet er i Vestland og korleis kommunane jobbar med dette er eg nysgjerrig på.

Praksisstudentar er viktige for KS

Praksisordninga er ein gyllen anledning for studentar til å få eit lite avbrekk frå studiebenken og få prøve seg på korleis det er å jobbe i ein organisasjon. Dei bring også mykje med seg til KS. Studentane kjem med nye perspektiv og synspunkt i diskusjonane på kontoret og er med på aktivitetane i regionen. Praksisopphaldet er ein unik mogelegheit for studentane å kombinere faglege interesser med aktuelle spørsmål KS jobbar med. Dei står fritt til å velje tema for praksisoppgåva som igjen er nyttige innspel til arbeidet ved kontoret.

- Både i Bergen og i Stavanger har studentane blitt ein viktig del av arbeidsmiljøet. Det er også veldig kjekt å treffe igjen tidlegare praksisstudentar i ulike samanhengar. Dei seier at opphaldet hjå oss har vore svært nyttig i karrierane deira, seier seniorrådgjevar Tom Gundersen.