Korleis kan vi styrke lokaldemokratiet si evne til berekraftig arealbruk? Korleis få til ei raskare omstilling og mobilisering av ressursar? Strategikonferansen i Vestland tok diskusjonen.

KS Debatthefte I og II

Den raude tråden på konferansen var KS Debatthefte del I - «Om evne og kraft til å bere», og Debatthefte del II - «Mellomoppgjeret - 2023». Den første delen av debattheftet tok utgangspunkt i dei overordna problemstillingane om demografi, klima-, miljø- og naturutfordringane, samt behovet for rask omstilling og mobilisering av ressursar.  Her var eit særleg fokus på korleis ein kan sikre ein berekraftig arealpolitikk, samt korleis arbeidsgjevarpolitikken kan bidra til å skape eit berekraftig velferdstilbod. I høve til desse spørsmåla heldt KS-direktør for samfunn, velferd og demokrati, Helge Eide, ei innleiing. Han vektla mellom anna ei rekke problemstillingar kring berekraftig arealbruk, og korleis dette ofte står i eit spenningsforhold til andre regionale og nasjonale føringar.


KS-direktør for samfunn, velferd og demokrati, Helge Eide. Foto: KS

I den andre delen av debattheftet blei kommunane spurde om kva som skal vere grunnlaget for årets mellomoppgjer. Til denne delen var det KS’ områdedirektør for arbeidsliv, Tor Arne Gangsø, som heldt innleiinga. Han ga delegatane eit godt grunnlag for å vedta innspel til KS` forhandlingsmandat i årets mellomoppgjer. Innspela frå kommunane blei endeleg vedtatt av Fylkesmøtet, som var ein del av Strategikonferansen. Herifrå går dei vidare til handsaming i KS sitt hovudstyre som igjen fattar endeleg vedtak om KS sitt forhandlingsmandat. 

Rekruttering og kompetanse i omstillingsarbeidet

Rekruttering og kompetanseutfordringar i kommunal sektor sett i lys av behov for omstilling? Dette var spørsmålet paneldeltakarane fekk. Panelet trakk fram mange aktuelle med dette som utgangspunkt. Ordføreren i Fitjar kommune, Harald Rydland, understrekte blant anna betydninga av førebyggande arbeid, og samspelet mellom kommunen, næringslivet og frivilligheita for å betre den generelle folkehelsa. Han kom med eit eksempel frå eigen kommune, om korleis vindparken i kommunen har bidrege til å betre folkehelsa, då utbygginga har gitt universelt utforma turvegar som innbyggarane i stor grad nyttar seg av. Andre tema som blei drøfta i debatten var korleis ein kan gjere det enklare for imigrantar å jobbe i Norge, og korleis dei kan vere ein verdifull ressurs i handteringa av utfordringane vi står i.

Folksam konferanse

Det vart særs god oppslutting frå kommunane i Vestland til årets behandling av debattheftet. På førehand hadde 33 kommunar og fylkeskommunen behandla KS Debatthefte I, og alle kommunane (43) og fylkeskommunen ga innspel til Debatthefte del II. På konferansen kom det over 100 ordførarar, lokalpolitikarar, kommunedirektørar og administrasjon frå heile Vestland.

Tekst: Maren Aspen Løvik