Korneliussen er helse- og omsorgsleiar i Solund kommune. I løpet av kort tid greidde ho å snu ei drift som ikkje var berekraftig til ei teneste der dei eldre får betre tenester og sjukefråveret har gått drastisk ned.

– Men det er klart at det er smertefullt. Når ein omorganiserer blir godar fråtekne og ein får meir jamn fordeling på godar og ulemper.  Då oppstår det ein motstand, seier Åse-Iren om prosessen ho har gjennomført.


Åse-Iren Korneliussen er leiar for helse- og omsorgstenestene i Solund kommune. Foto: Anne-Karin Løken.

Men prosessen har gitt resultat. Dei tilsette er mykje meir aktive i alt som skjer og seier at dei er stolte over arbeidsplassen sin.

– Dei er gladare og seier at dei er godt fornøgde, og er tydelege på at det var heilt nødvendig med ei omorganisering.

«Det har vore prøvd tidlegare»

Målet til Åse-Iren då ho tok over som ny helse- og omsorgsleiar i 2015 var at kommunen skulle vere ein god arbeidsplass der dei tilsette fekk utvikle seg og samarbeide om gode løysingar. Dette innebar at ho måtte gjere store grep i den etablerte praksisen i tenestene.

– Det var ein trøyttleik i organisasjonen. Sjukepleiarar var slitne og det var mykje uro i avdelinga. Personalet stod på og vart etter kvart sjukmelde. Eininga hadde sjukefråvær på 16,85 %.

Mange tilsette hadde lite håp for arbeidsframtida si. Dei såg ikkje korleis endring kunne finne stad.  «Det har vore prøvd tidlegare.»  Nokre kom og sa i frå om at dei ville søkje seg vekk eller gå av med pensjon.  Dei var slitne og tykte at det vart for strevsamt.

Tilsette etterlyste samhandling

Solund kommune hadde mangel på sjukepleiarar, og difor brukte dei vikarbyrå mykje. I tillegg vart det nytta mykje overtid. Einingane var små med for lite leiing.  Når tillitsvalde og verneombod vart spurde om kva som var det viktigaste med ny organisering, var svaret at dei ynskte meir synleg leiing og at leiarar var til stades for personalet. Dei etterlyste samhandling.

– Det var innsparingar og innkjøpsstopp, og vanskeleg å rekruttere fagpersonell. Det var uformelle leiarar, inga klar ansvarsfordeling og rolleforståing. Folk var slitne grunna det økonomiske biletet, og hadde generelt dårleg sjølvbilete.

Bruken av vikarbyrå kosta også mykje pengar.

– Alle var samde om at noko måtte gjerast for at tenesta i framtida skulle vere berekraftig.

Det vart sett ned ei brei arbeidsgruppe med leiarar, tillitsvalde og verneombod. Rådmannen og Åse-Iren sat i styringsgruppa. Hovudtillitsvald var involvert og det politiske miljøet og eldrerådet var orienterte. Mandat vart laga.

Satsa på ergoterapi og fysioterapi

Resultatet vart at heimetenesta og institusjonstenesta vart slått saman.

Leiinga skulle styrkast med avdelingssjukepleiar og assisterande avdelingssjukepleiar. Tenester til psykisk utviklingshemma og heimehjelp vart lagt i denne eininga.  Det var eit ynskje frå arbeidsgruppa at leiarstillingane skulle lysast ut eksternt.

Det vart etablert dagtilbod til psykisk utviklingshemma, demente og eldre, og dagtilboda innan psykisk helse blei vidareført.

Ergoterapeut kom på plass i 100 % stilling. Ergoterapeuten fekk ansvar for dagtilbod, hjelpemiddel, førebyggande heimebesøk og opplæring til personalet. Ho hjelper også andre einingar i kommunen med innkjøp av hjelpemiddel og kontormøblement.

Tidlegare var det ei heil dagsreise å kome seg til fysioterapeut. Åse-Iren avvikla 30 % driftstilskot til fysioterapi og oppretta 100 % stilling for kommunalfysioterapeut. 

– Dette er ein lur måte å gjere det på. I tillegg kan fysioterapeuten bidra inn i tenestene på ein heilt annan måte.  Fysioterapeuten  har ansvar for klinisk behandling og gruppebehandling til ulike brukargrupper, blant anna fallførebyggande gruppe og barselgruppe.  Fysioterapeuten tek seg av «Aktiv på dagtid» fleire plassar i kommunen og har førebyggande heimebesøk i lag med ergoterapeut.  Ho har også trim to gongar i veka i institusjonstenesta saman med ergoterapeut.



Ikkje berre dei eldre har nytte av omorganiseringa i kommunen. Her er det fysioterapeuten som har trening med barselgruppa nede på kaia. Foto: Wioletta Warszewska

Lege heile døgnet

Solund er ein øy-kommune som tidlegare var utan lege fleire dagar kvar tredje veke. Dette gjorde samfunnet sårbart.

– Å ha lege i kommunen til ei kvar tid er utruleg viktig for innbyggjarane. Ikkje minst for barnefamiliar og ved akutt sjukdom. Tidlegare var vi avhengige av båt eller helikopter dei dagane vi var utan lege, og det kan jo vere utfordrande når det er dårleg ver her ute mot havet.  No veit innbyggjarane at det alltid er lege på øya, og det gir ein heilt anna tryggleik for alle.

Når lege var på plass heile tida var også kriteria oppfylte for å ha eiga KAD-seng (kommunal akutt døgnplass) i kommunen, noko dei tidlegare måtte leige av Helse Førde.

– No har vi akkurat tilsett kommunepsykolog i full stilling, seier Åse Iren fornøgd. Den siste biten er komen på plass.

– Det er ikkje storleiken på ein kommune som er avgjerande

Korleis greier ein liten kommune som Solund, med sine 820 innbyggjarar, å omorganisere ei teneste slik?

Åse-Iren fortel at ho hadde ein hypotese om at dette let seg gjere i ein liten utkantkommune om ein set inn rett medisin. Ho hadde skrive masteroppgåve om kommuneøkonomi og brukte funna der i omorganiseringa.

– Det var også eit sterkt ynskje å vise at det er ikkje kvar du bur eller storleiken på ein kommune som er avgjerande for om ein lukkast med å gje gode tilbod til innbyggarane.

Sjukefråveret meir enn halvert

Kommunen snudde kvar stein. Dei omgjorde stillingar og fekk tilført litt ekstra midlar.  Kostnadene til vikarbyrå blei brukte til å tilsetje eigne tilsette.  Dei fekk ned overtidsbruken og sjukefråveret.

Like etter omorganiseringa meir enn halverte dei fråveret. I dag har dei eit sjukefråver som innimellom er nede på fire-talet.

– Vi har ein høgare grunnbemanning som gjer at ein kan klare seg utan å leige inn om det er nokon som er vekke.  Avdelingssjukepleiarane trår også til ved behov, og gjer ei vurdering om innleige til ei kvar tid og er bevisste på det.

Dei tilsette søkjer tilskot

Kommunen søkte om tilskot innan rus, dagtilbod og fysio- og ergeoterapi, til kompetanseheving, psykolog, rehabilitering og habilitering, styrking av helsestasjon  og andre prosjekt.

Åse-Iren seier at det er mange tilskot kommunane kan søkje på som ein ofte ikkje veit om.

– Mine tilsette får opplæring i å søkje tilskot, som er viktig då ein får fokus på kvalitet og prosjekt som ein ynskjer å setje i gong. Tilskota kjem som «plusspengar» og gir ein boost inn i eininga som er positivt. – Investeringsbudsjett var nytt for dei aller fleste, og dei fekk ein opptur då dei såg at det kom nye hjelpemiddel, nytt utstyr til pasientane, det blei pussa opp og det kom nye møblar.

– Økonomi er utruleg viktig i ein kvar organisasjon, og helsepersonell har ikkje nødvendigvis denne kunnskapen med seg.  Då er det mi plikt å lære opp og hjelpe til med forståing, forklarer Åse-Iren.                       

«Vi-kjensla»

Kva ga deg motivasjon til å ta fatt på den store oppgåva det er å gjennomføre ei slik omorganisering?

– Eg likar å arbeide i team og likar å dyrke «vi-kjensla». Det er utruleg kjekt å arbeide med å skape gode organisasjonar, der ein får bruke psykologi, relasjonsbygging og motivasjon.

I dag har Åse-Iren ein arbeidsstokk som har eigarskap til organisasjonen og som er med på å påverke sin eigen arbeidskvardag. Ho har tilsette som har vore der heile vegen, og nye tilsette.

– Som leiar er eg utrulig stolt av medarbeidarane mine som står på kvar einaste dag til beste for kvarandre og tenestene dei skal yte.


- Ein flott gjeng som står på for pasientane kvar einaste dag, og som eg er utruleg stolt av, seier Åse-Iren Korneliussen. Bak frå venstre: Reidun, Siw og Alma. Framme frå venstre Wioletta, Stine, Sandra og Ivana. Foto: Åse-Iren Korneliussen 

Meir mat og meir trening

Ho er også tydeleg på at det er lov å feile. 

– Det er lov å trakke feil. Det er betre med initiativet der vi prøvar og trakkar feil, og så lærer vi av det, enn å ikkje prøve i det heile tatt.

I dag opplever ho optimisme og stoltheit i tenesta, og bebuarane på Solundheimen seier dei har det godt. På sjukeheimen er det eige kjøken med faste tilsette. Bebuarane får nybaka brød kvar morgon og fire måltid om dagen.

– Dei eldre får meir mat og meir trening i Solund, seier Åse-Iren.  – Så vi kjem til å ha dei lenge.