Beredskapsleiar Sigurd Paulsen i Kristiansand kommune starta den tredje samlinga i KS´ kommunenettverk for klimatilpassing.  

I nettverket jobbar åtte kommunar saman for å auke forståinga av klimaendringane og korleis denne kunnskapen kan brukast i arbeidet med kommuneplanar og i sakshandsaming. Utveksling av erfaring frå den enkelte kommunes arbeid med klimatilpassing er kjernen i aktivitetane på samlingane. Dette, saman med faglege innlegg frå Kristiansand kommune, Miljødirektoratet, Kommunalbanken og NORCE gjorde at det blei ein omfangsrik tredje samling.

Klimatilpassingsstrategi i Kristiansand kommune

Sørlandet har vore råka av mange ekstremværhendingar dei siste åra. Veret blir i gjennomsnitt varmare og våtare, og ekstremhendingar vil komme oftare og bli meir intense. Dette gjev auka fare for liv, helse og materielle verdiar. Difor har Kristiansand kommune laga ein strategi for klimatilpassing. Strategien legg spesiell vekt på korleis arealdelen i den nye kommuneplanen skal møte sannsynlege klimaendringar og påfølgjande konsekvensar. Strategien sett mål for arbeidet med klimatilpassing i kommunen og spesifiserer strategiar som underbyggjer dette. Han la ha vekt på god forankring av planarbeidet og betydninga av å jobbe på tvers av kommuneorganisasjonen. Han trakk også fram at det finst mange gode ressursar og rettleiarar som ga støtte inn i arbeidet, til dømes dei statlege planretningslinjene og Miljødirektoratet sine sider om klimautfordringar og kulturminne- og kulturmiljø. Kristiansand kommune sin strategi for klimatilpassing finn du her.     

Korleis ta omsyn til klimaendringar i planarbeidet?

Ein viktig ressurs i kommunanes planarbeid er dei Statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing (SPR). I dei nye retningslinjene ligg det ein tydeleggjering av at det i kommunanes planarbeid skal gjerest ein egen vurdering av om omsynet til eit endra klima inneberer behov for revisjon av gjeldande reguleringsplanar. Vidare er dei tydelege på at samfunnsdelen skal innehalde ein overordna vurdering av om klimaendringar vil påverke langsiktige utfordringar, mål og strategiar.

Marit Finnland Trøite frå Miljødirektoratet heldt innlegg om dei nye retningslinjene, og i innleiinga tok ho fram nettopp denne tydeleggjeringa;

- Både forventningar til og kva roller og ansvar dei enkelte partane har i arbeidet med klimatilpassing er noko av det viktigaste med dei nye retningslinjene, sa ho. Vidare gjekk ho stegvis gjennom den nye nettbaserte rettleiaren. Om du vil sjå nærare på dei statlege retningslinjene, kan du gå her.      

Klima og finans

Også finansnæringa er i aukande grad opptekne av klimarisiko. Kommunalbanken, som har alle norske kommunar på kundelista, har klimarisiko som eit satsingsområde. Dei har blant anna laga ei eiga nettside kor den enkelte kommune kan sjå utviklinga i klimagassutslepp og fordelinga av utslepp i kommunen, framtidas klima (klimaprofil) for det aktuelle fylket, og kva viktige næringar i kommunen som kan bli råka av klimarisiko. Torun Brånå, fagansvarleg for grøn finans i Kommunalbanken, var invitert til å seie noko om korleis dei jobbar med klimarisiko og berekraft overfor norske kommunar. Ho presenterte klimarisikoverktøyet banken hadde utarbeidd og ordninga med såkalla «grøne lån» som er rabatterte lån til klima- og miljøinvesteringar i kommunane. Sjå Kommunalbanken sine sider om klimarisiko og kommuneprofilar her.  

Frå to til eit klimatilpassingsfylke

Forskarane Halvor Dannevig, Tone Rusdal, Idun A. Husabø (Vestlandsforsking) og Simon Neby (NORCE) står bak rapporten «Frå to til eitt klimatilpassingsfylke - Lærdommar frå klimatilpassingsarbeidet i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar». Fylka Hordaland og Sogn og Fjordane var tidleg ute med å etablere ein spesifikk regional klimapolitikk. Ein viktig del av dette har vore arbeidet med klimatilpassing. Føremålet med prosjektet har vore å dokumentere (1) erfaringar med klimatilpassing i kvart av fylka, (2) kva dei kan lære av kvarandre, og på den bakgrunnen, (3) vurdere kva for utfordringar og kunnskapsbehov det nye Vestland fylke står overfor i det vidare arbeidet med klimatilpassing, og (4) komme med forslag til korleis Vestland fylke kan møte desse utfordringane.

Sjølv om rapporten ikkje formelt var ferdig og overlevert til oppdragsgjevarane, fekk vi i nettverket ein presentasjon. Dei regionale klimaplanane har hatt målsettingar om auka kunnskap om konsekvensar av klimaendringar.

– Arbeidet med rapporten viser at kunnskapen om korleis klimaendringane aukar faren for naturskadehendingar har vekse betydeleg. I fortsetjinga er det viktig å betre tilpassingskapasiteten i kommunane, sa Simon Neby i innlegget sitt. I den skrivande stund er ikkje rapporten publisert enno, men straks den er offentleg vil vi oppdatere denne artikkelen med lenke til nettversjonen. 

Ein travel tid fram til neste samling

Dei deltakande kommunane er utfordra på å skipa tematiske møte om klimatilpassing med representasjon frå både politikarar og kommuneleiing. Mange av dei deltakande kommunane var interessert i dette og no planlegg fleire slike kommunemøte i løpet av våren. Neste og siste samling i nettverket er planlagd til byrjinga av juni.

KS vurderer no om det skal inviterast til eit nytt kommunenettverk om klimatilpassing med oppstart hausten 2020.