KS ein av partane bak læringsnettverket for innovasjon i offentlege anskaffingar (IOA) i Vestland, Rogaland og Agder, som kommunane no kan søkje om deltaking i. Kommunedirektørutvala i Vestland og Rogaland har uttrykt ønske om ei forsterka satsing på IOA, og Landstinget i KS forventar at alle kommunar og fylkeskommunar tek i bruk innovative anskaffingar.

Kan dette vere noko for din kommune? Meir om IOA og invitasjonen finn du her.

Vil jobbe smart

Gjesdal kommune i Rogaland har vore gjennom ein innovativ anskaffingsprosess og deler gjerne frå sine erfaringar.

- Vi er opptatt av å jobbe smart, seier ordføraren i Gjesdal. Med det meiner han at kommunen er interessert i å finne nye måtar å oppnå måla dei set seg på.

Får meir ut av kronene

Kommunen har utvikla ein anskaffingsstrategi. Når dei oppfyller denne oppnår dei tre ting.

– Vi blir meir effektive slik at vi får meir ut av kronene, og vi kan bidra til nyskaping slik at næringslivet utviklar nye produkt og tenester, poengterer ordføraren.

- Viss vi kan bruke vår innkjøpsmakt til å få til fleire ting samtidig og bidra til positiv utvikling i næringslivet, då lukkast vi, slår han fast.

Begynn i det små

Ein god anskaffingsstrategi gjer kommunen i stand til å oppnå mykje fornuftig samtidig som dei følgjer dei strenge reglane dei er underlagt.

Ordføraren kjem med gode råd til andre kommunar.

- Små anskaffingar kan gjerast slik at vi får gode resultat i små innkjøp, seier ordføraren. – Men vi kan også tenke stort – vi har delteke i eit spennande prosjekt om førarlause bussar, der vi har prøvd ut to ulike teknologiar, seier han, og legg til at dei har samarbeidd med andre kommunar om dette.

Eit godt råd er å begynne i det små.

– Prøv å tenke at vi kan oppnå mykje ved å vere kreative i alle desse småanskaffingane som vi gjer drøssevis av i løpet av eit år, oppmodar han.

- Gjennom innovasjonar og ein smart måte å tenke på må vi utfordre den nøyaktighetskulturen vi har. Vi må tørre å utfordre regelverket og bruke handlingsrommet dette gir.

Jorunn Birkeland er innkjøpsleiar i Gjesdal kommune.

Korleis foregår prosessen i praksis?

- Innkjøpsleiaren har hand om det meste, men får gode råd og innspel frå dei andre avdelingane når det gjeld kva vi skal anskaffe, forklarer ho.

Lærerikt og spennande

- Dette har vore utrolig lærerikt og spennande både for innkjøparen, men også for dei som har jobba med dei tekniske spørsmåla i kommunen, seier Frode Fjeldsbø.

- Veldig lærerikt for den enkelte, og enormt lærerikt for oss som organisasjon. Vi har løfta oss kompetansemessig i Gjesdal kommune, slår han fast.

Her kan du sjå filmen frå Gjesdal kommune.