Tillit til kvarandre betyr svært mykje for utvikling av eit godt lokalsamfunn, og gjer kommunen meir attraktiv som ein god stad å bu og besøke.

Ordfører Alfred Bjørlo

Resultata frå Stad er betre enn kva som er vanleg i norske kommunar i alle tillits-tilhøve mellom viktige aktørar i samfunnsutviklinga.

- Det er uvanlig gode tillitsforhold i Stad kommune, på mange områder. Et av de mest fremtredende positive trekkene i tillitsmålingen er tilliten mellom politikerne og de ansatte i kommunen. Det er også gode tillitsforhold mellom kommunen og næringslivet og frivillig sektor Vi legger også merke til at Stad hadde høy innflytting og god befolkningsvekst i 2020. Det seier forskar Knut Vareide i Telemarksforsking i ein kommentar til undersøkinga.

- Det er særleg interessant og positivt for det vidare arbeidet i den nye kommunen at målinga syner at politikarane har svært høg tillit seg imellom og høg grad av tillit til kommunen sine tilsette, seier Kommunedirektør Åslaug Krogsæter i Stad.

Dei kommunalt tilsette har også høg tillit til næringslivet i kommunen, og denne tilliten er gjensidig. Tilliten til næringslivet er den høgaste i alle 32 kommuner Telemarksforsking har målt. Frivillig sektor skil seg også ut som ei gruppe med svært høg tillit.

- Tillit til kvarandre betyr svært mykje for utvikling av eit godt lokalsamfunn, og gjer kommunen meir attraktiv som ein god stad å bu, besøke og drive næring. At det er så sterke tillits-tilhøve «på tvers» i Stad mellom politikarar, kommuneorganisasjon, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar, er av uvurderleg verdi, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.

Målinga syner også at det generelt er stor optimisme og framtidstru blant sentrale aktørar i samfunnsutviklinga i Stad kommune, men litt lågare stadsidentitet enn landsgjennomsnittet. Det siste kan mest truleg forklarast med at kommunen er heilt ny, og at identitet som kommune må byggjast over tid.

Det vart gjort ei delvis tilsvarande undersøking om lokaldemokrati og tillit i Eid og Selje hausten 2017, ved starten av kommuensamanslåingsprosessen. Denne undersøkinga synte store skilnader mellom Eid og Selje. I Eid hadde både innbyggjarar og politikarar eit langt meir positivt syn på lolkaldemokrati og tillit til kommunen enn landsgjennomsnittet, medan det var omvendt i Selje. Resultata frå den nye undersøkinga for Stad kommune tyder på at ein i den nye kommunen har klart å halde på og vidareutvikle dei gode tillitsforholda frå Eid kommune, men med atterhald om at spørsmåla og utvalet av spurde ikkje er direkte samanliknbart.

Lenkeblokk Icon Les heile undersøkinga her

Les også artikkelen Utfordringene krever at vi gir fra oss makt i Kommunespeilet.