«Rett ut i felt»

Allereie andre dag i praksisopphaldet var ho med folkevaldprogrammet til Samnanger kommune. I tillegg har ho vore med på opplæringsdag med medverknadsråda i Øygarden.
- Eg kjem frå Oslo og bur i Bergen, den største og nest største kommunen i landet. Å bli kjend med mangfaldet i kommunesektoren, spesielt dei mindre kommunane, er en av hovudårsakene til at eg søkte meg til KS, seier Ingrid.

Internasjonal bakgrunn

Ingrid vaks opp i Oslo, men flytta i 15-årsalderen til utlandet og har sidan budd fleire stader. No er ho halvvegs i ein bachelor i Samanliknande politikk ved UIB. Gjennom praksisopphaldet i KS ønskjer ho å lære meir om KS som organisasjon og samtidig komme tettare på lokaldemokratiet i Noreg.
– Eg ser på praksisen i KS Vest som eit godt høve til å anvende pensum i praksis, samtidig som eg lærer meir om arbeidslivet. Ein bonus er heilt klart at eg får sett meir av det vakre Vestland! Vegen vidare er allereie staka ut. Hausten 2024 dreg ho på utveksling til University of California, Berkeley, seier ho.

Travel student

I tillegg til praksis i KS Vestland las Ingrid eit fag om regionar og EU. Vidare er ho engasjert i Studentersamfunnet i Bergen og speler både i studentkorps og basketball for eit av Bergens studentlag.

«Vinn-Vinn» for KS

Praksisordninga er ein gyllen anledning for studentar til å få eit avbrekk frå studiebenken og få prøve seg på korleis det er å jobbe i ein organisasjon. Dei bring også mykje med seg til KS. Studentane kjem med nye perspektiv og synspunkt i diskusjonane på kontoret og er med på aktivitetane i regionen. Praksisopphaldet er ein unik mogelegheit for studentane å kombinere faglege interesser med aktuelle spørsmål KS jobbar med. Dei står fritt til å velje tema for praksisoppgåva som igjen er nyttige innspel til arbeidet ved kontoret.

- Både i Bergen og i Stavanger har studentane blitt ein viktig del av arbeidsmiljøet. Det er også veldig kjekt å treffe igjen tidlegare praksisstudentar i ulike samanhengar. For oss er det «vinn-vinn», vi får bli kjend med særs gode og engasjerte studentar, samtidig som vi får vist fram arbeidskvardagen i kommunane og i KS. Mange tidlegare studentar har meld tilbake at opphaldet hjå oss har vore svært nyttig i karrierane deira, seier seniorrådgjevar Tom Gundersen.

Spanande oppgåver i vente

I tiden som kjem skal Ingrid vere involvert i eit opplegg for ungdomsråda og så skal ho i gang med å planlegge opplegget for praksisrapporten. I tillegg kjem det oppgåver i høve til KS strategikonferanse tidleg i mars.
– Så håpar eg på ein tur eller to til ut til kommunane i Vestland, seier Ingrid.