Måten vi lever på krev mykje areal. Det same gjer klimatilpassing og den grøne omstillinga samfunnet er i gang med. I tillegg treng naturen meir enn nokon gong å få tilbake areal av omsyn til naturmangfaldet. Areal er ein avgrensa ressurs – noko vi i Noreg ikkje har tatt inn over oss i tilstrekkeleg grad. Dette kjem tydeleg fram i form av målkonfliktar i kommunane sine arealplanar: Ønsket om by- og næringsutvikling på den eine sida og krava om klimatilpassing og ei nasjonal forplikting om å følgje opp den globale naturavtalen på den andre sida. Alt dette må kvar enkelt kommune balansere mellom.

Årets klimakonferanse har søkelys på korleis vi kan forvalte areala våre klokt og i samsvar med klimaendringane.

Kommunane i særstilling

Kommunane står sentralt i klimaomstillinga. Det er kommunane som driv tiltaka frå ord til handling, frå planar til faktisk implementering av klimatiltak.

Nettopp difor er det viktig at vi i KS er med å arrangera ein møteplass som dette. Her samlast ein for å dele kunnskap og henta inspirasjon som styrkar kommunane i rolla som utviklar av robuste og berekraftige lokalsamfunn. Tom Gundersen, seniorrådgjevar i KS Vestland.

#Klimaomstilling er eit resultat av godt regionalt samarbeid på klimaområdet mellom mange aktørar i Vestland fylke. På arrangørsida finst Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, NORADAPT, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, NORCE, Klimapartner Vest og KS Vestland.

Mange interessante tema

Den første dagen er det fokus på klimatilpassing, beredskap, naturbaserte løysinger, og korleis vi kan involvera innbyggjarane i arbeidet med klimatilpassing.

Dag to startar med parallellsesjonar som alle har hovudspørsmål om arealforvaltning:

  • Den første sesjonen vil drøfte spørsmålet om korleis vi kan lukkast med arealnøytralitet?
  • Den andre sesjonen tek opp om vi gjer dei naturbaserte løysingane nok rom?.
  • Medan den tredje sesjonen tek opp spørsmål om arealbruk og utbygging av fornybar energi.

Konferansen avsluttast med ein plenumssesjon der vi drøftar om vi må gjennom eit paradigmeskifte i arealforvaltninga om vi skal nå dei nasjonale målsettingane om berekraftig arealbruk.

I tillegg til fagprogrammet finn ein også eit sosialt program som inneheld bokbad, klimavandring og middag.

Meir informasjon og påmelding