Etisk refleksjon fører både til bevisstheit kring kva ein faktisk gjer, og til grunngjeving for val av handling. Saman gir dette auka kvalitet i arbeidet.

Naturleg del av arbeidet
Formålet med kommunane sitt etikkarbeid er å styrke brukarane si oppleving av at helse- og omsorgstenestene tek vare på verdigheit og integritet. Etikk og etisk refleksjon kan sjåast som ein naturleg del av det kontinuerlege fag- og kvalitetsarbeidet i kommunen.

Helse- og omsorgstenestene skal ha god kvalitet og ein høg etisk standard uansett kvar i landet ein bur. For at ein standard skal gjerast om til gode tenester i møte med den enkelte, må leiarar og tilsette ha ein kompetanse for å identifisere, reflektere og handtere etiske utfordringar i praksis.

Regelmessig etisk refleksjon
Ved å ha regelmessig etisk refleksjon i tenestene, vil tenestene bli til ein lærande organisasjon med kontinuerleg kvalitetssikring. «Leve heile livet» er ei kvalitetsreform som føreset at ein tar bevisste og grunngjevne val innafor dei ulike innsatsområda. Dermed er det naturleg å bruke systematisk etisk refleksjon i arbeidet med «Leve heile livet».

På nettsida til «Samarbeid om etisk kompetanseheving» (Etikksatsinga) finn ein metodar og verktøy for etisk refleksjon.

Se også e-læring Openheit om døden.