Når vi vinkar til barna og dreg på jobb skal dei vere der lenger enn vi vaksne er på jobb. Det er gjerder rundt. Dei kan ikkje gå heim om dei ikkje har det bra.
- Eg har fått meg ein god vannfast maskara, seier Camilla Otterlei frå scenen.

Det ho skal snakke om på konferansen er tungt, men ho vil at historia hennar skal nå kommunalsjefar, styrarar, rektorar og andre som jobbar i eller med barnehage og skule. Otterlei er både forfattar, skribent, lærar og foredragshaldar. Når ho skal snakke om dette er ho først og fremst mamma.  Etter mobbinga mot sonen skreiv ho boka «Kunsten å møte ein bjørn». Som ho sjølv seier. Ho har sett det kjæraste ho har bli plukka frå kvarandre.

Camilla viser fram eit gammalt bilete av sonen og dottera. Dei to ungane smiler. Det ser ut som ein sånn sommardag ein hugsar tilbake til når ein saknar å vere liten.
- Eg og mannen min kom fram til at det må vere tatt før det byrja. Han har framleis glimt i auga. Det tok mange år før vi fekk sjå det glimtet i auga igjen.

4-åringen endra seg

Familien flytta litt rundt før dei slo seg ned. I etterkant tenkjer Camilla at det er hyggeleg, men også risikofylt. Ein veit jo aldri korleis det blir på den nye staden.

Dei hadde høyrt gode ting om den nye barnehagen. Og 4- åringen fann seg først godt til rette. Han fekk ein besteven, som var eit år eldre. Foreldra tenkte at det kanskje var litt valdsam leik i barnehagen. Kanskje bestemte barna litt mykje over kva kultur som skulle vere der?

Så begynte den eit år eldre bestevenen på skulen. 4- åringen, som var ein ganske roleg og forsiktig, men nysgjerrig og glad unge endra seg.  Han vart frustrert, sint, og var mykje lei seg. Og han ville ikkje i barnehagen. Dei vaksne der sa at han nok berre hadde ei krise. Men det var jo ingenting i heimen som skulle tilseie at han hadde det så vondt og vanskeleg.

Barnehagen skulle følgje med.  Men dei hadde jo ikkje opplevd mobbing på tjue år, fortel Camilla at dei sa.

Loftet

Juleferien kom. 4-åringen visste gjerne at han skulle vere heime ei stund.

Då kom historia om loftet i barnehagen. Fire- fem ungar om gongen kunne gå opp dit utan dei vaksne. Han ville leike med dei andre. Men der oppe hadde 4-åringen blitt haldt nede og banka opp, fortalde han.

Kor mange gonger har det skjedd?, spurte foreldra. 4-åringen tok fram handa og viste med fingrane. Han hadde lært kva som var fem fingrar, og at det var mykje.  Og det hadde skjedd mange fleire gongar enn han kunne vise med fem fingrar.
– Eg ropte på hjelp, men ingen høyrde meg, fortalde han.

Foreldra lovde at når han hadde vore så modig å fortelje skulle mobbinga ta slutt.
- Det er høgrisiko å fortelje at ein blir mobba. Mange tiar, særleg på små stader.

Den nye i skulegarden

Dei skreiv ei bekymringsmelding til barnehagen. Det var ikkje ein trygg stad for sonen. Det vart foreldremøte. Storm i vassglas, kalla nokre det.
- Alle hadde ulike versjonar. Ingen kunne vite kva som hadde skjedd. For dei vaksne i barnehagen hadde ikkje vore der.

Nokre slutta å helse på butikken. Nokre foreldre høyrde på barnehagen. Dei hadde jo ikkje sett noko. Sonen vart ikkje invitert i bursdagar. Nokre meinte han var ein sånn som sette ut rykte.

Barnehagen sette i verk tiltak, men det enda likevel med at familien flytta. Bagasjen etter mobbinga blei med. Guten som ein gong hadde vore trygg var plutseleg usikker. I tillegg var han den heilt nye i skulegarden. Den som ikkje kjende nokon av dei andre. Og i klassen var det mykje utestenging.
- Mobbing set spor. Det tek vekk følelsen av å vere verdifull. Tek vekk følelsen av at det er godt å leve.

Dei bestemte seg for å byte skule. Der var miljøet blant elevane betre og sonen blei gradvis sterkare. Det var vanskeleg å stole på vaksne. Det har tatt lang tid å snu på det.

«Kunsten å møte en bjørn»

Det går bra no. Foreldra ser ein 12- åring som er meir trygg på seg sjølv. For mamma har det hjelpt å skrive bok og å halde foredrag, sjølv om det tok nokre år før ho orka.  Det er litt som å finne meining i noko som eigentleg er ganske meiningslaust.
- Han meiner han skal ha ein del av pengane som kjem ut av foredraga. Som mor ser eg det som eit sunnheitsteikn, ler Camilla.

Boka «Kunsten å møte en bjørn» handlar om ein ny gut som startar i avdelinga i barnehagen til Alf. Han er stor og brunhåra, og Alf synes at han liknar på ein bjørn. Ein farleg. Pappa seier at ein speler død når ein møter ein bjørn, for ingen kan flykte frå den. «Kunsten å møte ein bjørn er å sjå den i auga, og ikkje vise at du er redd», seier Alma, ei gammal dame som bur i skogen.
- Alle treng rettleiing av gode vaksne. Barnehagen og skulen har eit ansvar. Det er ikkje opp til barna. Når mobbing skjer er det nokre vaksne som ikkje har gjort jobben sin. Eit godt miljø er ferskvare, seier Camilla.

Leiarkonferansen for barnehage og skule er eit samarbeid mellom KS Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet, Fylkesmannen i Vestland og Høgskulen på Vestlande.