På dagsorden denne gongen fekk me høyra om arealpolitikk, flyktningar, kunstig intelligens og arbeidsgjevarpolitikk. Alle høgaktuelle tema for kommunane som var til stades. Ikkje minst hadde Vestland bedt inn ungdomar frå KS toppmøte barn og unge til å kome med innspel til alle deler av programmet. Nedanfor finn du utdrag frå fleire av innlegga.

Med ei stemme inn i lønsoppgjeret

Arbeidslivsdirektør i KS, Tor Arne Gangsø, besøkte og strategikonferansen. Det er kommunestyrer og fylkesting som har det overordna arbeidsgjevaransvaret i kommunar og fylker. Difor legg KS vekt på at innspel til forhandlingsmandatet for KS blir handsama i dei politiske utvala. 

– Det er ei kake til fordeling. Om nokon får meir, får andre mindre. KS arbeidar for å finne gode og samlande løysingar rundt forhandlingsbordet - der vi balanserar omsynet til heile laget av dyktige tilsette i kommunesektoren, sa Gangsø. 

Gangsø minna og om at talmaterialet som KS nyttar i forhandlingane er ekte tal. KS veit dermed korleis ulike løysingar slår ut for den enkelte kommune og totalt for heile sektoren.

Andre høgdepunkter frå Vestland

Foto: KS

Eivind Brendehaug, Vestlandsforsking

Eivind Brendehaug frå Vestlandsforsking presenterte funn frå utgreiingane om natur og klima. Han var ikkje imponert over det han ser er resultata av kommunane sine prioriteringer i arealpolitikken. Høgare klimautslepp og mindre naturmangfald ser ut til å gå under radaren i kommunestyra sine avgjerdsler om nedbygging av natur.

Foto: KS

Samtale om arealbruk og dilemma knytta til det

F.v.: Rosalind Fosse, varaordførar i Askøy kommune, Ingrid Nergaard Fjellstad, bystyremedlem i Bergen kommune og hovudstyremedlem i KS, Stian Davies, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune, Eivind Brendehaug, Vestlandsforsking og møteleiar frå KS, Øystein Høyvik. 

Deltakarane i samtalen var samde om at arealbruk er eit vanskeleg tema å jobbe med. Det er lite tilgang på verktyg for å få nok fakta til diskusjonen. Reglane er for rigide når det gjeld bruksendringar i allereie utbygde områder. Det manglar verkemidlar til restaurering av natur.

Foto: KS

F.v. Kjetil Århus, leiar av DigiVestland, Kristin Weidemann Wieland, leiar for forsking, innovasjon og digitalisering i KS og Hans-Petter Nygård-Hansen, spesialist på mellom anna kunstig intelligens.

Det var stor semje om at Noreg ligg etter i bruken av nye digitale løysingar, ikkje berre når det gjeld kunstig intelligens. Ei utfordring er at det offentlege møter jussen i døra - lovarbeidet heng ikkje med i utviklinga. Sjølv dei store kommunane har ikkje ressursar til å ta dei store stega. No håpar panelet at virksomheiter som til dømes KS Digitale fellestjenester skal sette fart i kommunesektoren.

Foto: KS

Samtale om flyktningar

F.v. Trine Monica Myrvold, NIBR, Morten Helland, ordførar i Bømlo kommune, Jakob Nødseth, medlem av fylkestinget i Vestland, Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør for NAV Vestland og møteleiar frå KS, Hilde Ystanes.

Panelet peika på utfordringar med å skaffe bolig til flyktningane. Dette er ei kjend problemstilling over heile landet. Dernest er det for lite fleksibilitet i opplæringa. Det er vanskeleg å få naudsynte midlar for å tilpasse tilbod etter behov. Panelet ønsjer og at vertskommunetilskotet for asylmottak i større grad kan tilpassast auka i etterspørsel av kommunale tenester. 

Foto: KS

Ungdomen gir råd til kommunane

F.v. Mathilde Nonås og Dina Kvittingen frå Vestland Ungdomsutval kom med gode innspel til dei folkevalde i salen. Blant anna viste dei til at Landstinget i februar tok inn dei fleste forslaga frå Toppmøtet barn og unge i dei politiske prioriteringane for den neste valperioden.