Petter Sortland (62) har lang politisk erfaring, blant anna som ordførar i Høyanger kommune i fire periodar for Arbeidarpartiet, og som medlem av KS’ hovudstyre.

Bilete: Petter Sortland, fylkesstyreleiar KS Vestland 2023-2027. Foto: KS.

Under fylkesmøtet i Bergen vart det også valt nytt fylkesstyre for perioden 2023-2027. Styret blei breitt politisk samansett og med ein god balanse mellom kvinner og menn.

Følgjande personar blei valde inn:

Namn

Kommune

Parti

Petter Sortland

Høyanger

AP

Trine Lindborg

Bjørnafjorden

AP

Rune Bakervik

Bergen

AP

Ola Teigen

Kinn

AP

Silja Ekeland Bjørkly

Fylkeskommunen

H

Nils Marton Aadland

Alver

H

Kjersti Pettersen

Bergen

H

Sonja Øvre-Flo

Stryn

H

Anita G. Johannessen

Øygarden

FRP

Sigurd Maraas

Fitjar

FRP

Sara Hamre Sekkingstad

Alver

SP

Mette Heidi Bergsvåg

Etne

SP

Kjartan Haugsnes

Vaksdal

SV

Gunn Merete Paulsen

Sunnfjord

V

KS Vestland har i løpet av 14. og 15. november arrangert Haustkonferanse, fylkesmøte og ordførarsamling i Bergen. Her har delegatar frå alle kommunar og fylkeskommunen vore samla for å drøfte politiske prioriteringar for kommunesektoren, statsbudsjettet, tariff og arbeidsgjevarrolla til folkevalde.