Gjennom nettverkssamlingar og webinar har folkevalde, administrasjon og representantar for næringslivet arbeidd saman for å oppnå større forståing for lokalsamfunnet dei saman kan utvikle. Det er  arbeidd med seks hovudtema:

  • La næringsutvikling vere ein del av arbeidet med samfunnsutvikling
  • Bruk dei fortrinna du har, og bygg vidare på det du er god på
  • Spel på lag med nabokommunane
  • Sørg for at heile kommuneorganisasjonen jobbar med næringsutvikling
  • Snakk med bedriftene og involver dei i arbeidet
  • Lag ein langsiktig strategi og følg den

På siste samling delte kommunane kva dei har fått til i dette arbeidet.

Fleire peikar på auka samarbeid og forståing mellom næringsliv og kommunen.
«Sjølv om næringsutvikling ikkje er ei lovpålagt oppgåve, så er dette arbeidet viktig for å klare oppgåvene som kommunen må løyse saman med næringslivet og organisasjonslivet», sa ein av deltakarane.

Fleire poengterte at det er viktig at folk trivst i kommunen og då er det godt å ha eit sentrum som tilbyr tenester som folk etterspør og som er utforma for å gi god trivsel.