Kommunene i Møre og Romsdal er alle grensende til sjø, og vil ha interesse av temaene som behandles.

Lenkeblokk Icon Meld deg på her

26. og 27. oktober arrangerer Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune den nasjonale plankonferansen – Kampen om sjøareala. Vi legg opp til ein hybridkonferanse med både digital og fysisk deltaking.

  • I år sett Dag O. Hessen klima- og naturkrisa på dagsordenen.
  • Pia Ve Dalen viser deg det forunderlege livet i havet og kva god havforvaltning er.
  • Terje Sporsem skal leie oss gjennom konferansen.

Årets program inkluderer i tillegg framtidas akvakulturnæring og energiproduksjon, konsekvensutgreiingar og planrettleiing i sjø, nye verktøy for god sjøforvaltning og mykje anna. 
Dette vil du ikkje gå glipp av!

Dette er konferansen for deg som jobbar i offentleg forvaltning på alle nivå, rådgivande firma og interesseorganisasjonar som forvaltar areal, verdiar og interesser i sjøområda.

Du finn konferansen «Kampen om sjøareala» på Facebook! Få med deg oppdateringar her.

Vi gler oss til å møte deg i Molde!