Konferansen i år har fått tittelen Eit berekraftig arbeidsliv, og tek utgangspunkt i FN sine berekraftmål på arbeidslivsområdet.

Hilde Frafjord Johnsen er hovudinnleiar med temaet Berekraftsmåla – utopi eller reelt mogleg? Som nestsjef i UNICEF og spesialutsending for FN sin generalsekretær i konflikter i Afrika, har Johnsen god føresetnad for å snakke om brekraftsmåla i eit globalt perspektiv.

Vidare i programmet får vi mellom anna presentert Berekraftfylket Møre og Romsdal, og vi ser nærare på temaet heiltidskultur og spør om heiltidskultur er ein føresetnad for å kunne skape eit helsefremjande arbeidsmiljø?

Vi kårar vinnaren av årets arbeidsmiljøpris! Prisen er ei oppmuntring til ein kommune, fylkeskommunen, ein offentleg eigd institusjon, samla eller representert ved enkeltavdelingar, som har utmerka seg med å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø.

Lenkeblokk Icon Program Arbeidsmiljøkonferansen 2021

Arbeidsmiljøkonferansen har som mål å vere ein viktig arena for å fremje samarbeid og utvikling på arbeidsmiljøfeltet i offentleg sektor i fylket vårt.

Målgruppe er ordførar og øvrige politikarar, kommunedirektør/rådmann, personalansvarleg/-medarbeidar, einingsleiarar, arbeidsmiljøutval, IA-utval, bedriftshelseteneste, tillitsvalde og verneombod.