- Barnevernet er avhengig av tilliten til befolkninga for å få utført arbeidet sitt. Utan tillit er det vanskeleg å få gitt den hjelpa barna treng.

Bjørn Arild Gram, styreleder i KS

- Barnevernet er avhengig av eit godt omdøme for å kunne rekruttere flinke folk og utføre jobben sin på ein god måte. Difor er eg glad for at samarbeidsavtalen med KS om å styrke tilliten til barnevernet er på plass, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

- Barnevernet er avhengig av tilliten til befolkninga for å få utført arbeidet sitt. Utan tillit er det vanskeleg å nå barna og familiane og få gitt den hjelpa barna treng. Både sentrale og lokale styresmakter har ei viktig rolle i å styrka og verna denne tilliten. Difor er det bra at vi no har fått på plass denne avtalen. Eg ser fram til å følgja opp arbeidet med dei konkrete tiltaka, i samarbeid med Barne- og familiedepartementet, seier styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram.

Lenkeblokk Icon Samarbeidsavtale mellom KS og BFD om å styrke tilliten til barnevernet

Avtalen ble signert i forbindelse med høstens konsultasjonsmøte mellom KS og BFD (egen artikkel)

Utfordrar samfunnsmandatet

Kritikken mot barnevernet påverkar omdømet til barnevernet og folk si tillit til barnevernet sine tenester. Kritikken har blitt ytterlegare forsterka gjennom EMD-sakane og domane mot Noreg. KS fryktar for rekrutteringa og at eit negativt omdøme kan gjere det vanskelegare for barnevernet å utføre sitt samfunnsmandat.

KS og Barne- og familiedepartementet har difor blitt einige om ein samarbeidsavtale som skal ta hand om utfordringane knytt til barnevernets omdøme. Avtalen gjeld for perioden 2020-2023. Han blei signert av barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og styreleiar Bjørn Arild Gram for KS på det bilaterale konsultasjonsmøtet 7. desember 2020.

Avtalen kjem i tillegg til det pågåande arbeidet med å forbetre kvaliteten på barnevernets tenester:

  • Ny barnevernslov som vil auke kvaliteten i barnevernet, og styrke rettane til dei barna som trenger det aller mest.
  • Heving av kompetansen for dei tilsette i barnevernet.
  • Utvikling av fosterheimspolitikken.
  • Tiltak opp mot kommunane og fylkesnemndene for å følgje opp EMD-domane
  • Betre samarbeid mellom barnevernet og helsetenestene i kommunane.
  • Utvikling av digitale løysingar som vil bidra til auka kvalitet og effektivitet i tenestene.

Slik skal avtala styrke tilliten

Samarbeidsavtalen har som mål å styrke tilliten til barnevernet gjennom følgande innsatsområde:

  • Å tydeleggjere det nasjonale og lokalpolitiske ansvaret for barnevernet.
  • Framheve kor viktig arbeidet til barnevernet er for samfunnet.
  • Formidle faktakunnskap om barnevernet.
  • Synleggjere verdiar og normer som er styrande for barnevernet.
  • Løfte fram døme på god praksis i det daglege barnevernsarbeidet.

Barne- og familiedepartementet og KS vil samarbeide om å nå måla. Dette inkluderer både felles initiativ og eigne initiativ. Avtalen vil bli gjennomgått årleg, og resultata evaluert, i regi av konsultasjonsordninga. Med i avtalen er at det vert etablert ei koordineringsgruppe på administrativt nivå. Avtalen gjeld for perioden 2020-2023.

Les også artikkelen Partssamarbeid om barnevern
KS og arbeidstakerorganisasjonenene vil inngå et partssamarbeid for å sikre en bærekraftig utvikling av barnevernstjenesten.