Skriftleg votering skjer ved at kvar representant leverer inn ein røystesetel der det går fram kven representanten har røysta på. Røystesetelen skal berre innehalda namnet på den kandidaten eller den lista representanten røystar på. Representantane skal ikkje føra opp sitt eige namn i tillegg på røystesetelen. Ved oppteljinga vil det difor ikkje vera mogleg å finna ut korleis den einskilde representant har røysta. Valet er slik sett hemmeleg.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i eit brev av 27. september 2019 til Ulstein kommune uttalt at det etter ny kommunelov ikkje er høve til å gjennomføra val av ordførar og varaordførar ved skriftleg val. Utgangspunktet etter både kommunelova frå 1992 og 2018 er at avrøystingar skal skje med bruk av røysteteikn i opne møte. Departementet viser til at kommunelova av 1992 hadde ein regel om at kvart einskild medlem kunne krevja skriftleg avrøysting ved val og tilsetjingar. Dette var ei såkalla kodifisering (dvs. skriftleggjering) av tidlegare uskriven rett, men at denne regelen ikkje er å finna att i 2018-lova. Departementet konkluderer med at regelen difor er oppheva.

- Eg deler ikkje vurderinga til departementet. Det er ikkje i tråd med juridisk metode å utan vidare konkludera med at berre fordi ein kodifisert regel ikkje vert vidareført, så er regelen oppheva, seier advokat Frode Lauareid.

Utgangspunktet for Lauareid si rettslege vurdering er at det allereie på 1920-talet vart rekna som langvarig praksis at kommunestyremedlemmer kunne krevja skriftlege og hemmelege avrøystingar ved val og tilsetjingar. Dette var ein rett som følgde av uskriven lov og som berre kunne endrast ved ny lov. Heimel for å avskjera kommunane frå å nytta retten til å krevje skriftleg avrøysting er ikkje å finna i 2018-lova og regelen må difor reknast som framleis gjeldande.

Lauareid meiner at ordførar og varaordførar som er valde etter skriftleg avrøysting er gyldig valde. Både etter 1992-lova og 2018-lova, så er eit gyldig val av ordførar endeleg. Valet kan som den store hovudregel ikkje gjerast om. Dersom me legg til grunn at skriftlege avrøystingar er gyldige, vil eit omval med eit anna resultat representera eit brot på forbodet om omval av gyldig vald ordførar.

Heile utgreiinga av rettsgrunnlaget finn du i notatet som er lagt ved her.

Lenkeblokk Icon Notat om skriftleg avrøysting frå KS Advokatene