Høgsterett har ei ordning der advokatar kan framstilla seg for ei prøve for å få løyve til å føra saker for Høgsterett, såkalla møterett for Høgsterett. Dette skjer ved at ein fører to ordinære saker, men der dommarane i saka også tar ei vurdering av kvaliteten på korleis advokaten har ført saka. Vert denne vurdert som god, vil ein få møterett. 

For første gong inviterte Høgsterett til mottaking for alle advokatar som fekk møterett i 2018. Advokat Frode Lauareid hjå KS Advokatene var ein av desse og deltok på mottakinga. I 2018 var det 18 advokatar som fekk møterett og 14 møtte på mottakinga. 

Frode fortel at advokatane vart tatt i mot av direktøren i Høgsterett for så å bli følgde opp til sjølve mottakinga der høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie ønskte alle velkomne. Dei fleste av dei andre dommarane deltok også på mottakinga. 

Justitiarius hadde så ein fin tale, der ho kort presenterte kvar sak kvar advokat hadde hatt i 2018. Ho forklarte kvifor Høgsterett ville starta ein tradisjon med å invitera nye møterettsadvokatar til ei slik samling. Ho syns det var viktig å etablera betre kontakt for å leggja til rette for at det å møta i Høgsterett skal vera eit arbeidsfellesskap mellom dommarane og advokatane. Ho sa også at ho håpa alle ville komma tilbake i skranken.

Deretter var det mingling.  Frode seier han opplevde at mange av dommarane kjente godt til KS og to av dei kunne fortelja om oppdrag som dei hadde hatt for KS den tida dei sjølv var advokatar. 

- Då mottakinga var slutt, takka eg justitiarius for godt initiativ. Eg takka elles for at eg fekk diplomen for møterett på nynorsk. Det er det ingen andre som har fått før. Justitiarius sa at Høgsterett hadde arbeida saman med Språkrådet for å få ei god utforming på diplomen og at Høgsterett får gode tilbakemeldingar frå Språkrådet på korleis Høgsterett ivaretar nynorsk, fortel Lauareid. 

- Eg fekk eit veldig godt inntrykk av institusjonen og alle dei eg var i kontakt med under mottakinga. Det er ikkje tvil om at Høgsterett ønskjer god kontakt med advokatane. Justitiarius viste også til at det var etablert eit advokatforum som ho oppmoda om at me engasjerte oss i. Det bør me ta med oss og sikra at KS Advokatene er godt representerte der framover, seier advokat Frode Lauareid.

Sjå også sak i Advokatbladet.